Litteratur
Nobelførelesinga
«Eg har for så vidt alltid visst at dikting kan redda liv, kanskje har den til og med redda mitt eige.»
«Då eg gjekk på ungdomsskulen skjedde det brått. Læraren bad meg om å lesa høgt. Og som frå ingenstad kom brått ei redsle over meg som heilt overvelda meg. Eg liksom forsvann inn i redsla og var berre den. Eg reiste meg og sprang ut or klasserommet.
Eg merka dei store augo til elevane, og til læraren, følgja meg ut or klasserommet.
Etterpå freista eg forklara den merkelege åtferda mi med at eg måtte på do. Eg såg nok på andleta til dei som laut høyra på at dei ikkje trudde på meg. Og vel helst tenkte at eg hadde blitt sprø, ja var i ferd med å bli galen.
Denne redsla for høgtlesing følgde meg vidare. Etter kvart fekk eg mot til å be lærarane om å lata meg sleppa lesa, sidan eg var så redd for det, somme trudde på meg og lét meg sleppa, andre trudde at eg på eitt eller anna vis dreiv gjøn med dei.
Eg lærde noko viktig om menneske av denne røynsla.
Og eg lærde mangt anna.
Ja faktisk truleg òg noko som gjer at eg i dag kan stå og lesa høgt for ei forsamling. Og no nesten heilt utan redsle.
Kva var det eg lærde?
Det var på ein måte som om redsla tok språket frå meg, og at eg så å seia måtte ta det tilbake. Og skulle eg klara det kunne eg ikkje gjera det på andres vilkår, men på mine eigne.
Eg byrjar skriva eigne tekstar, små dikt, små forteljingar.
Og eg opplevde at å gjera det gav meg tryggleik, gav meg det motsette av redsle.
Eg fann liksom ein stad der inne i meg som var berre min, og frå den staden kunne eg skriva det som var berre mitt.
No, kring femti år seinare, sit eg framleis og skriv – og eg skriv framleis frå denne hemmelege staden inne i meg, ein stad eg sant å seia ikkje veit så mykje meir om enn at han finst.
Den norske poeten Olav H. Hauge har skrive eit dikt der han jamfører det å dikta med å vera barn og byggja lauvhytter i skogen, og så krypa inn i dei, tenna stearinlys og sitja der og kjenna seg trygg i mørke haustkveldar.
Eg synest dette er eit godt bilete på korleis eg òg opplever det å skriva. No – som for femti år sidan.
Og eg lærde meir, eg lærde at det, i alle fall for meg, er stor skilnad mellom det talte og det skrivne språket, eller mellom det talte og det litterære språket.
Ofte er det talte språket monologisk formidling av ein bodskap om at noko skal vera slik eller slik, eller det er retorisk formidling av ein bodskap med overtaling eller overtyding.
Det litterære språket er aldri slik – det formidlar ikkje, det er meining heller enn kommunikasjon, det har sitt eige være.
Og slik sett er sjølvsagt god dikting og all slags forkynning motsetnader, anten forkynninga er religiøs eller politisk eller kva det no måtte vera.
Gjennom angsten for høgtlesing gjekk eg så å seia inn i den einsemda livet til det skrivande mennesket er – og der har eg halde meg sidan.
Eg har skrive mykje både prosa og dramatikk.
Og det som særkjenner dramatikken er jo at den er ein skriven tale, der dialogen, samtalen, eller ofte freistnaden på samtale, og det som måtte finnast av monolog, alltid er del av eit dikta univers, er del av noko som ikkje formidlar, men som har sitt eige være, som er.
Og når det gjeld prosa har Mikhail Bakhtin rett i at sjølve utsegnsmåten, sjølve det å fortelja, har i seg to røyster.
For å forenkla litt: røysta til den som fører ordet, den som skriv, og røysta til den det blir fortalt om. Desse røystene glir ofte slik inn i kvarandre at det er umogeleg å seia kven som fører ordet.
Det blir rett og slett ei dobbel skriftrøyst – og den er sjølvsagt også del av det dikta universet, av logikken i det.
For kvart einaste diktverk eg har skrive er så å seia eit eige fiktivt univers, ei eiga verd. Ei verd som er ny for kvart stykke, for kvar roman.
Men også eit godt dikt, for eg har òg skrive ein god del lyrikk, er òg sitt eige univers – det relaterer hovudsakleg til seg sjølv. Og så kan den som les det koma inn i det universet diktet er – ja det er meir som ein slags kommunion enn som kommunikasjon.
Forresten gjeld nok kanskje dette alt eg har skrive.
Sikkert er i alle fall at eg aldri har skrive for å uttrykkja meg sjølv, som det heiter, heller for å koma meg bort frå meg sjølv.
At eg enda opp som dramatikar – ja kva skal eg vel seia om det?
Eg skreiv romanar og dikt og ønskte ikkje å skriva for teater, men gjorde det i si tid fordi eg – i ein offentleg finansiert freistnad på å få skriva meir ny norsk dramatikk – vart tilboden ein for meg, fattig forfattar som eg var, god slump pengar for å skriva opninga til eit stykke, og enda opp med å skriva eit heilt stykke, det første og framleis mest spelte stykket mitt, Nokon kjem til å koma.
Det for første gong å skriva eit stykke var den største overraskinga i heile mitt forfattarliv. For både i prosa og i dikt hadde eg freista skriva det som på vanleg vis – på vanleg talt vis – ikkje kan seiast med ord. Ja nettopp. Eg freista skriva fram det useielege, slik det vart sagt i grunngjevinga då det vart kunngjort at eg skulle få Nobelprisen.
Det viktigaste i livet kan ikkje seiast, berre skrivast, for no å vri litt på ei velkjend utsegn av Jacques Derrida.
Eg freista altså la den tause talen koma til orde.
Og når eg skreiv dramatikk kunne eg nytta den tause talen, togna, på ein heilt annan måte enn i prosa og dikt. Eg kunne berre skriva ordet pause, ja så var den tause talen der. Og i dramatikken min er ordet pause utan tvil det viktigaste og mest nytta ordet – lang pause, kort pause, eller berre pause.
I desse pausane kan det vera så mykje, eller så lite. At noko ikkje kan seiast, at noko ikkje vil seiast, eller at det best blir sagt med ikkje å seia noko som helst.
Likevel er eg rimeleg sikker på at det som mest talar gjennom pausane er stilla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.