Essay
Noko om vatn, fargar og nynorsk
I Jotunheimen rår fargerike nynorske namn på elvar og innsjøar grunnen. Desse stadnamna er meir enn kart og terreng. Dei er ei kjelde til djup kunnskap om den nynorske skriftkulturen.
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
For å skjøna dette lyt du fara til fjells med nynorske skrifter. Du må flakka omkring i høgfjellet og lesa av di du vil skriva. Fraa Byen det berer: Eg fer frå Oslo og kjem fram til Eidsbugarden ved vestenden av Bygdin etter rundt rekna 27 mil på vegen. Eg reiser frå sentrum til periferi, frå bokmålsvelde til eit herad med nynorsk som styrings- og skulemål. Vinjerock vert arrangert her om somrane no.
Nede ved innsjøen er det konstant påskeøystemning: Der står ei røseleg steinbyste til minne om A.O. Vinje. Ho vart gjord av bilethoggaren Ståle Kyllingstad og avduka i 1968. Hit pla Vinje ro i si tid, over Bygdin, til den enkle hytta si, som framleis står. Alt dette lyt vera velkjent. «Alt» ved Vinje – dikt og songar, avisa Dølen, essayistikken – er obligatorisk kunnskap dersom du skriv nynorsk i vaksen alder. Eg har Ferdaminni klårt føre meg som mentale bilete, form og innhald. Like eins medvitet om at eg har valt å skriva annleis enn det store grosset av nordmenn. Og difor må lesa skrifter som på ymist vis klårgjer kva den nynorske skriftkulturen er, kan vera, kunne ha vorte.
Eg har klede og anna utstyr med namn. På fjellskorne mine står det «Glittertind», på Norrøna-buksa «Falketind», fjellet der Vinje såg føre seg at ånda hans slo opp ein heim. Den mørkegrøne sekken min har ei lys treramme attanføre, ikkje blankt aluminium, og oppi: alt eg treng for å skriva. Eg vil så å seia gå djupare inn i den nynorske skriftkulturen her, til kjeldene. Såleis har eg med doktoravhandlinga til Gustav Indrebø: «Norske innsjønamn i Upplands fylke» (ferdig i september 1923, kom ut i 1924 og var emne for doktordisputas 11. september 1925).
Frå Eidsbugarden går eg forbi stova til Vinje og kort tid etter til ei lita bru som tek meg tørrskodd over Mjølkedøla. Den elva har gjeve namn til ei rad tjørner og vatn lenger opp, som Mjølkedalsvatnet nedanfor Mjølkedalsbreen. «Vatnet baade i innsjøen og elvi er mjølkekvitt bredvatn», skriv Gustav Indrebø i avhandlinga si. Han er oppteken av fargar og gjer kjent at fargeadjektivet svart er mest brukt i innsjønamn i Oppland. Blå og mørk finst heller ikkje sjeldan. «Langt etter svart kjem grøn, kvit, raud.» Medan bleik, grå og brun ikkje er oppskrivne i namn på vatn og vassamlingar i dette fylket i det heile. Men alle slike nemne for farge siktar anten til «ljosdaam over sjølve vatni» eller dei «karakteriserer umlendet».
Mjølkedøla er omtala på ei liste Indrebø har laga til over elvenamn som går inn i innsjønamn. Eg fylgjer elva oppetter, det er bratt og varmt å gå. Stundom er elvevatnet kvitt som mjølk å sjå til, ja, men som tidast skifter vatnet farge lik ein kameleon – somtid blankt, mest blåsvart. Lyden er meir konstant. Ei jamn brusing og susing. Ei vanesak: Mjølkedøla liknar på dei gamle vekkjarklokkene som tikka høglydt og uhøyrande i bakgrunnen. Etter nokre kilometer ser eg Mjølkedalsbreen atti. Han går opp til kring 2000 meter over havet. Mellom breen og elva får eg auga på Store Mjølkedalsvatnet. Usynleg for meg: Øvre Mjølkedalsvatnet. Seinare, attom fjellet med det gilde namnet Storegut, kjem eg til å gå forbi Mjølkedalstjørni, ei tjørn nedanfor Mjølkedalstinden (2138 moh.) med fleire vassamlingar på ulike høgdenivå og bekker som bind dei saman i terrenget.
Utsynet her oppe, midt i Jotunheimen, er storfelt. Is, snø, stein, vatn. Eit landskap med nynorske stadnamn som talar eit tydeleg språk om logiske samanhengar mellom linene: Indrebø gjer kjent at namn på -sjø har hovudsetet sitt i dei indre lutene av Austlandet som ligg lengst frå havet. Dei minkar i tal mot vest, sør og nord etter som ein nærmar seg det: «Fraastandet fraa havet er det vel som har vore det avgjerande i hovudsaki.» På Vestlandet er det berre «vatn» av di saltsjøen var «sjøen», og «so trong dei eit anna appellativ for ferskvatni. Inn i landet kunde dei godt kalla ferskvatni -sjø, det var ikkje meiningsvillande».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.