Nord for den store bre
Sola skin. Klokka er to om natta, men på desse breiddegradane er det knapt merkbar skilnad på dag og natt. Me gnir søvnen ut av augo, pakkar saman teltet og heisar segl. Det har endeleg teke til å blåse, og me må nytte høvet for å kome oss opp på innlandsisen att.
?Med store drakar susar me sørover på den uendelege innlandsisen.
Foto: Harald Dag Jølle
Vinden tek tak. Me fer raskt oppoverbakke, medan dei tunge pulkane hoppar og sprett bak oss. Eg er stadig like fascinert av kor stor kraft det er i drakane – og kor effektivt me kan nytte ho for å reise gjennom polarverda.
Eg snur meg og ser på det eventyrlege utsynet mot Vildtland og det nordlegaste Grønland. Snart er det attende til den evige, livlause isen. Eg veit ikkje for kor lenge. Det kjem an på vinden. Men eg veit det er langt før me igjen skal sjå fjell og fjordar. Nesten 2000 kilometer. Som frå Oslo til Roma. Dette er galskap, tenkjer eg, men seier det ikkje høgt. Det hadde i alle høve ikkje hjelpt. Det finst ikkje andre vegar heim.
Den keisame returen?
Me fylgjer ikkje lenger spora til Robert Peary og Eivind Astrup. Dei gjekk attende til staden dei kom frå, overvintringsbasen som låg like ved dagens Qaanaaq.
På vegen nordover hadde Astrup og Peary reist inn i nytt og ukjent land. Samstundes som fjellandskapet i vest stadig endra seg. Det var spennande. No skulle dei gå i direkte line attende over innlandsisen og skjønte kva som venta: «en kold og livløs slette, hvor vi i ugevis maatte anstrenge os til det yderste for at komme velbeholdne over». Og korkje Astrup eller Peary legg skjul på at dette vart keisamt. Peary skriv at «ensformigheden ved uafladelig at vandre fremad mod intet, var ikke længer til at udholde». Det monotone landskapet fekk Astrup til å tenkje på allverdas tema: «Alle spørgsmaal, der havde været brændende inden menneskeheden før vor afreise fra civilisationen, blev omhyggelig veiede og om mulig straks afgjorte.» Medan han gjekk og gjekk og stira ut i isen, la han planar for framtida, men tenkte òg på kva han hadde opplevd til no i livet, på hendingar i heimen og åra på skulebenken. Men då dagen gjekk mot slutten, var dei fleste emna brukte opp: «Døde folk blev trukne op af sine grave, forat man med dem kunde fornye halvt forglemte bekjendtskaber, vakre melodier maltrakteredes, medens alle de unge damer, man maatte have følt sig tiltrukket af fra 7 aars alderen og opover, fik danse alfedanse foran en paa sneen.» Men til slutt sa hjernen hans stopp: «Den nægtede at præstere nye tanker, materialerne var opbrugte.»
Eg skjønar kva Astrup snakka om. Men dette er likevel noko anna. Det er ei anna kjensle å stå bak ein drake og sjå utover, enn å slite seg framover med nasen i skituppane og ein tung slede bak seg. Rett nok blir eg sliten, eg innrømmer det, og det er heller ingen løyndom at det er lite variasjon her oppe på innlandsisen. Likevel: Me susar av garde i så stor fart at sjølv dei flate, uendelege isviddene blir innhaldsrike. Det er rett nok ikkje dalar og fjell, men det går oppover og det går nedover. Nok variasjon til å bryte monotonien. Også finst alle formasjonane i snøen: Stundom er han slett og fin. Nesten blågrå. Stundom hard, kritkvit og bulkete. Det gir variasjon i utsynet – og rom for å skape eigne bilete i landskapet. I Antarktis nyttar dei omgrepet satsrugi for å skildre slike område med uendelege fokkskavlar. På russisk tyder ordet illustrerande nok treskjering. Flott å sjå på – sjølv om det er slitsamt for knea å køyre på ski over.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.