Reportasje
Nordisk-baltisk vals i Vilnius
VILNIUS: Då Norden vart splitta mellom stormaktsblokkane, tvinga det fram eit nordisk samarbeid. Det omfattar sjølvsagt Baltikum òg – i år med Vilnius som vertsby.
I Stikliu gatve – som går frå universitetet til rådhuset i gamlebyen i Vilnius – øver eit nyvigt par seg på brurevalsen dei skal dansa om kvelden.
Alle foto: Håvard Rem
Kvar i verda er ein når ein er i Vilnius? I Baltikum, ja, men der bur det samla ikkje fleire enn i den femtande største byen i Kina. Så i kva del av verda ligg han, hovudstaden i Litauen? I Aust-Europa? I Visegrad-regionen? I det tidlegare Sovjetsamveldet? Eller i Austersjø-området, i ein ende av hesteskoen som Sverige og Finland er del av? Med andre ord: Er eg nærast i Norden?
Tja. Området kring parlamentet og hovudgata i nybyen har eit kjølig, lett stalinistisk preg. Breie og snorrette avenyar er kringsette av brutalisme frå sovjettida. Hjå meg vekkjer det gamle, men ikkje så gode minne frå Minsk, hovudstaden i grannelandet Kviterussland.
Atmosfæren er ein annan i gamlebyen. Her vaknar ikkje minne frå Minsk, men frå Kraków og kan henda Stockholm. I eit portrom finn eg døra til Litauen-kontoret til Nordisk ministerråd, leidd av svenske Helén Nilsson, eit steinkast frå den svenske ambassaden, i Didzioji gatve – gatve er litauisk for gate. Venare gamleby skal ein leita lenge etter, seier eg, gamlebyfetisjisten. Slik somme finn fred i skogen, finn eg fred i gamlebyar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.