Reportasje
Nordmenn planta ein million tre på Island
– Kva gjer du når du går deg vill i ein skog på Island? – Du reiser deg opp!
På veg gjennom Hallormsstadaskógur.
Foto: Harald Hognerud
Dette spøkefulle rådet dukkar ofte opp på Sagaøya. Denne septemberdagen er det den nyvalde islandske presidenten Halla Tómasdóttir som freistar å hjelpa dei villfarne. Ho gjer det med eit smil om munnen langt inne i den islandske nasjonalskogen på Thingvellir, men rådet duger ikkje lenger. No er mange av skogane på Island så høge at det hjelper ikkje å strekkja seg på tå for å få utsikt.
Plantinga av denne relativt nye skogen har mange nordmenn hjelpt til med, men i tidlegare tider gjorde forfedrane våre kort prosess. Då vikingane kom til landet på 800- og 900-talet, var kring 40 prosent av landet dekt av skog, men nordmennene trong trevirke til ved, hus, båtar, utvinning av malm med meir. Etter vel hundre år var store delar av skogen borte. Og det skapte problem, blant anna på grunn av erosjon og den stadig herjande vinden som sende jord både i aust og vest.
Audunarstova
Men litt etter år 1000 gjorde Olav den heilage seg til vens med fleire islandske hovdingar, og islendingar fekk rett til vatn og skog i Noreg. Dei fekk hogga alt det tømmeret dei ønskte, går det fram av boka Frender feirer skogen, som den islandske forfattaren Óskar Gu∂mundsson gav ut tidlegare i år.
– Det norsk-islandske skogsamarbeidet er slett ikkje nytt. Det er nesten like gamalt som det islandske landnåmet, slår han fast, og viser til at tidleg i koloniseringa tok islendingar kontakt med gamlelandet for å få materialar til husbygging, og Harald Hårfagre gav ein av dei lov til å hogga i skogen til kongen.
Også på 1100- og 1200-talet henta islendingane tømmer i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.