Reportasje
Norjalainen kryssar sitt spor
Omsider er eg komen tilbake til Leppävirta og kan starte jakta på Jussi og Liisa. Men tida er knapp. Eg må snart vidare.
Slik var det å vakne på golvet i dette vesle Mummi-huset av ei hytte på Mansikkaharju Holiday Camp ein onsdags morgon i juni 2022. Neste gong vel eg spahotellet.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Då eg for to dagar sidan sat på hotellrommet i Kuopio og skulle bestille overnatting i Leppävirta, var det to alternativ å velje mellom. Det eine var Spa Hotel Vesileppis med lavendelbad, kroppsmassasje og symjebasseng med vassklier, og der ville eg sjølvsagt ikkje bu. Nei, å bu i stikkande klorluft med skrålande ungar og pensjonistar i badekåpe var ikkje mitt Leppävirta.
Det andre alternativet var Mansikkaharju Kartano. Mansikka tyder «jordbær» og var av dei fyrste orda eg lærte då eg kom til Leppävirta i 1983. Det var sjølvsagt der eg skulle bu, og då eg såg bileta – ein bleikgul trevilla i ein parkliknande hage – var eg meir enn overtydd, og eg bestilte eit dobbeltrom. Men i det eg skulle betale, var det stopp. Eg måtte starte bestillinga på ny, og då eg igjen kom til val av rom, var ingen ledige. Straks spratt eit forslag opp: Mansikkaharju Holiday Camp. Dessverre bestilte eg ei campinghytte der.
Det er her eg no sit og skriv. Gjennom vindauget ser eg den dysfunksjonelle familien legge frå kai. Her inne luktar det stramt av fisk.
Men lat meg no ta det frå byrjinga, i historisk presens, alt blir liksom meir levande og nært i notid, det er som ein sjølv er med på reisa, og lat meg starte forteljinga idet bussen frå Kuopio svingar av frå trafikkerte riksveg 5 og følgjer skiltet inn mot Leppävirta:
Eg set meg fremst på setet og er fokusert. Er det noko av det eg ser, som vekker minne? Får eg kjensla av å sjå noko allereie sett, eit varmt streif av déjà vu? Ei rundkøyring, nei, ho må vere ny, ein bensinstasjon, nei, ei vegkro, ein gigantisk Lidl-butikk, nei, nei, vi køyrer opp ein seig bakke, ein supermarknad, eit bustadfelt, og nok ein supermarknad, blomebutikk, kiosk og der oppe til høgre ei gigantisk kyrkje.
Nei og atter nei. Ikkje eingong kyrkja vekker minne. Slik eg hugsar Leppävirta, var det ei lita grend, men det vi no køyrer gjennom, er ein tettstad. Bussen svingar inn på ein parkeringsplass, bremsar opp, sjåføren snur seg mot meg, seier:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.