Reportasje

Observasjonar på ein campingplass

Er eit opphald på ein campingplass ei øving i å tøya intimgrensene til folk?

Publisert

«Sett deg på en benk en times tid, det går så mange rare folk forbi», syng Maj Britt Andersen.

Ein sundag i sommar tek eg utfordringa hennar. Eg har ikkje overnatta på ein campingplass før, men denne helga freista eg å gjera som ei aukande mengd andre nordmenn: å dra på camping.

I heile landet er det over 180.000 registrerte bubilar og campingvogner, men eg satsa ikkje så høgt. Alt det grunnleggjande utstyret eg trong for to netter vekke – telt, liggjeunderlag og sovepose – lånte eg gratis på utstyrssentralen BUA, og sette kursen mot ein campingplass på Vestlandet.

Campingplassen, som tek 40 vogner og 30 telt, er heilt full. Dette er som eit nabolag i miniatyr, der vognene er bustader med bitte små hagar mellom seg. Opningstidene er som på hotell, innsjekk er etter klokka 14, utsjekk klokka 12.

Klokka er ti på føremiddagen då eg set meg ned på den vesle trebenken på minileikeplassen ved sanitæranlegget, ein bygning med kjøken, toalett og dusjar.

Det verkar som om alle skal pussa tennene på same tid, nett no, men ikkje alle synest dette er noko som treng gjerast på eit baderom. Mange droppar køen til baderomma og pussar tennene medan dei spankulerer rundt på campingområdet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement