Reportasje

Og bakom syng skogane

Har dei ikkje skog på Island, sa du? Ha, då har du ikkje vore i Hallormstadaskógur.

Jau då, dei har skog på Island, og her står ein av Islands fire skogforvaltarar midt i tjukkaste Hallormstadaskógur. Thor Thorfinsson er utdanna på Steinkjer og har ei syster på Tynset.
Jau då, dei har skog på Island, og her står ein av Islands fire skogforvaltarar midt i tjukkaste Hallormstadaskógur. Thor Thorfinsson er utdanna på Steinkjer og har ei syster på Tynset.
Publisert Sist oppdatert

«Árni Johnsen er látinn». Både Morgunbladid og rikskringkastaren RÚV melder at den omstridde, men òg omtykte politikaren og trubaduren i går anda ut på ein helseheim på Vestmannaeyjar. Han blei 79 år.

Eg les det på telefonen der eg ligg i senga i det tidlegare fiskemottaket i Bakkagerdi inst i Borgarfjördur. Rommet er usedvanleg stilfullt innreidd med liggande, lys veggpanel, grå parkett og lubne dundyner pakka inn i kvit sateng. Kva vêr det er, veit eg ikkje, for det er berre tak­vindauge. Sol er det ikkje, men heller ikkje regn, så vidt eg kan sjå.

Eg har aldri før høyrt om Árni Johnsen, men forstår at han var eit lite stykke islandsk historie. Far hans arbeidde som eigedoms­meklar i Detroit då verdskrigen braut ut. Han blei mobilisert og send til Keflavík, der han trefte fråhaldskvinna Ingibjörg frå Vestmannaeyjar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement