Ole Vig 200 år: Vegen til eit opplyst folk!

Opplysingspioneren Ole Vig var i fleire generasjonar eit kjent og elska namn i dei samfunnslaga som var opptatt av folkeopplysing. Da vennene la han i grav 33 år gammal, tre skritt bak Henrik Wergeland på Vår Frelsers gravlund, var det ingen tvil om symbolikken.

Ole Vig (1824–1857) var folkeopplysingsmann, lærar og forfattar.

Historie

Publisert

Ole Vig budde, arbeidde og samla folk rundt seg på 1850-talet, i det same huset som Wergeland hadde fått bygd for seg og døydde i. I Hjerterum i Pilestrædet forma Vig og den lauslege kretsen kring han Wergelands idear om til praktisk opplysingsstrev. Vig med venner rusta seg til verdikamp.

På adressa der minna om Wergeland sat levande i veggene, oppstod eit hektisk miljø. Hos Vig kom dei alle innom, ein og ein eller i flokk, dei unge forfattarane Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, komponisten og folketonesamlaren Ludvig Lindeman, presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt, norskspråkforkjemparane Ivar Aasen og Knud Knudsen, journalisten Aasmund Olavsson Vinje, skolemannen Hartvig Nissen og dei gamle studiekameratane frå lærarseminaret i Klæbu, brørne Wexelsen frå Toten og Hougen-brørne frå Vågå.

Arbeidslyst og engasjement

Vig var eit unikum av arbeidslyst og engasjement. Den første han søkte da han kom til hovudstaden, henta dit av styret i det nyoppretta Selskabet for folkeoplysningens fræmme som redaktør for bladet deira, Folkevennen, var den noko eldre Ivar Aasen, som hadde etablert seg som dialektforskar og språkforskar i byen etter å ha reist landet rundt og samla dialektar med midlar frå vitskapsselskapet i Trondheim.

Dei fann saman i tanken om at dansk språk måtte vike for norsk, men skildest i måten det skulle skje på. Vig kom til å ta parti med Knud Knudsen og velje fornorskingsvegen, men meir basert på bygdetalen enn på den norske delen av byspråket, som Knudsen helte mest mot.

Noreg var enno eit land med dansk preg over det meste av språk og kultur, og samfunnseliten – mange slekta attende til Danmark – levde i sin eigen høgkultur framfor å ta del i den tradisjonsnorske som fanst ein stad utanfor byen og nede i folkedjupet. Men det unge, radikale Kultur-Noreg vende seg nedover og innover, mot det nasjonale, det bonderomantiske, og dette kom til å prege landet lenge. Ole Vig gjekk fremst i denne tida før det nasjonale gjennombrotet, da det var om å gjere å sette nytt og få liv i gammalt, i den jorda som skulle bli så full av nye norske, nasjonale vekstar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement