På tomannshand
Om å leve – og om å gje slepp
Thomas Hylland Eriksen ville ikkje skrive ei feig, akademisk bok om meininga med livet. Denne gongen er det personleg.
I den nye boka si inviterer professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen til ein samtale om meininga med livet.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
– Eg har brukt mykje av meg sjølv. Eg var nøydd til å tore det, for at boka skulle ha truverd. Alle kan skrive noko om kva andre har sagt, men då vert det feigt. Dette er mine tankar om livet.
Eg møter sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen på eit lite bakeri i Ullevål Hageby i Oslo, midt mellom arbeidsstaden hans på Universitetet på Blindern og heimen hans på Berg. Eg har trakka meg fram på sykkel gjennom byen, slik også han pleidde å gjere før han vart slått ut av alvorleg kreftsjukdom i 2016.
No sit Hylland Eriksen ved uteserveringa med varierande helse, men med gnist i auga. I perioden som alvorleg sjuk har han hatt mykje tid til å tenkje gjennom sitt eige liv, på livet, og på kva som gjev den tilmålte tida vi har på jorda, meining.
Ein del av tankestraumen vil leve vidare i ei bok på under 200 sider som kjem ut i desse dagar. Ho har fått tittelen Syv meninger med livet.
Høgttenking
Kor mange bøker har Hylland Eriksen skrive? Eg veit ikkje. Sjølv har han slutta å telje. Store norske leksikon har inga fullstendig oversikt, men listar opp over 30 fagtitlar og to romanar. I tre tiår har han vore ein meiningssterk og kontroversiell forskar og samfunnsdebattant. Han har markert seg i det offentlege ordskiftet om det fleirkulturelle samfunnet, om kulturforskjellar og -møte, om «røter og føter». Han har skrive om rask og langsam tid, om identitet, lukke og smarttelefonar. Og no, altså, ei bok om meininga med livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.