Om blomar og fiendebilete
Den einaste viktige skilnaden mellom jødar og arabarar er at den eine parten er okkupant og den andre er okkupert, meiner den palestinske forfattaren Raja Shehadeh.
Dag og Tid intervjua Raja Shehadeh i Bergen førre helg, der han var del av ein festival som løfter fram politisk litteratur frå ulike delar av verda.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Førre veke vitja den prislønte palestinske forfattaren, aktivisten og advokaten Raja Shehadeh Bergen internasjonale litteraturfestival. Shehadeh vart fødd inn i ein velståande, kristen familie i Ramallah i 1950, to år etter den offisielle opprettinga av staten Israel, og har vigd livet sitt til kampen mot okkupasjon, fyrst og fremt ved å dokumentere det han ser på som maktmisbruk hjå dei israelske settlarane.
Aktivisme og poetiske skildringar
Då han i 1970-åra var ferdig med jusstudiane i London, drog han heim att til Ramallah. Der blei han verande. Han starta menneskerettsorganisasjonen Al-Haq, arbeidde som advokat og skreiv bøker som gradvis gjekk frå å vere aktivistisk sakprosa til noko meir litterært.
Det er for desse meir langsame, forteljande bøkene at han har fått internasjonal merksemd. I dei møter lesaren ei stemme som insisterer på å framleis konsentrere seg om venleiken i naturen trass i alt av vald som utspelar seg i han. Medan krigane herjar kring han, insisterer Shehadeh på å ta den vesle irisen på marka i nærare augesyn.
Stemma i bøkene hans er smålåten og poetisk, ofte på grensa til svulstig. Men trass i patosen og sentimentaliteten som gjennomsyrer arbeida hans, er bøkene alt i alt sober lesing. Dei held lesaren fast med eit standhaftig krav om å få bu i fred med seg sjølv i landskapet han er så glad i.
Dogmatisk er han heller ikkje. Shehadeh leverer til dømes krasse kritikkar av palestinarane si manglande evne til å kjempe eigen kamp med juridiske middel og tendensen dei etter hans syn har til å gå seg vill i luftige abstrakte førestillingar om kva som er mogleg gitt situasjonen slik han er no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.