Reportasje
Om sild og sau
Etter 800 år lærte islendingane endeleg å fiske sild, og velstanden kom til landet. Og islandske sauer er ålreite dyr, men det minkar på dei.
Den islandske sauen er ein god sau, meiner Jóhannes. Han har alt. Då dei prøvde å innføre skotske rasar, blei det berre sjukdom og trøbbel. Alle foto: Hallgeir Opedal
Eg har forlate Ringvegen og er i Siglufjör¿ur, og kvifor er eg her? Lat meg ta ein lang omveg:
Ein kveld i mai 1845 sjangla nasjonaldiktaren og naturvitskapsmannen Jónas Hallgrímsson gjennom Københavns gater etter eit fuktig lag på Hviids Vinstue på Kongens Nytorv. I trappa opp til rommet han leigde i Sankt Peders Stræde, snubla han.
Tretten år tidlegare var han komen til byen for å studere jus, men bytte så til naturvitskap med vekt på petrologi og geologi. Han fekk fleire stipend og reiste over heile heimlandet og skreiv vitskaplege rapportar om fuglar, fisk, sel, vulkanar og geologi generelt. I København var han sentral i den gryande fridomskampen, og saman med tre andre unge intellektuelle skapte han bladet Fjölnir, der dei elda til strid for islandsk språk og sjølvstende. Flogvitet Jónas Hallgrímsson var rekna blant Islands mest lærde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.