Reportasje
Omkampen om Columbiaelva
Er det ein atomreaktor? Eg var jo ute etter laks! Er det hjelp i å fôre ei plaga elv med klekkerilaks? Kan ein gå tilbake til start og rive kraftverksdemningane som gjorde det vestkystamerikanske underet mogleg?
I denne spruten får chinook-smolten frå Leavenworth-klekkeriet ein brå start på livet ute i naturen. Mange blir bytte for kråke og oter med det same. Tre av tusen tar seg ut i havet og klarer å finne attende.
Foto: Hans Morten Sundnes
Fiskeørna på fyrlykta ser ut til å vakte elva og den vesle garnstubben med dei kvite garnkorkane natta gjennom. Eg har sett dei speide høgt over Columbiaelva og fjella rundt, men denne sit nett no som skrudd fast på den blenkjande lykta framfor vindauget mitt. Som så mange andre med laks i tankane. Men er det von? Vårinnsiget av chinook-laks opp elva er spådd å vere tolleg bra, men det har verken rovfuglane eller innfødde fiskarar merka.
– I går var det 35 laks opp Bonneville-dammen. 35!, sukka Randy Settler då eg snakka med han dagen før.
Han tilhøyrer yakamastammen og ein av mange familiar som etter kvart har busett seg ved Hood River, i det fiskerike hovudløpet til Columbia-elva mellom kraftverksdemningane Bonneville og Dalles. Randy, som har fiska i Hood River i alle år, drege opp sockeye i Alaska, forhandla fiskerettar, og som er like gira på laksen som nokon rovfugl, har aldri opplevd så lite chinook midt i april.
Innsatsen dagen før resulterte i éin laks. Det var ein flott sølvglinsande, kraftplugg av ein fisk, handsama etter alle reglar og lagd i glitrande issløsj.
Sjølv ligg eg på sofaen i dette elvehuset som nesten glir ut i straumen. Store høvding Joseph overvaker det heile frå over peisen. Joseph leidde nimíipuustammen i krigen av 1873 og sidan i forsøket på å flykte over Rocky Mountains mot Canada. Randy er direkte etterkommar, som mora var. Ho vart dømd til tre års fengsel for å ha omsett fisk frå elva. Krigen ser ikkje ut til å ta slutt, sjølv om det både for laksen og for stammefolket stort sett er snakk om tapte slag.
Kven har skulda?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.