Kunnskap

Operasjonar i utrengsmål

Å operere eller ikkje operere, det er spørsmålet. Kirurgi utan effekt gjer meir skade enn gagn, skriv Haldor Slettebø.
Å operere eller ikkje operere, det er spørsmålet. Kirurgi utan effekt gjer meir skade enn gagn, skriv Haldor Slettebø.
Publisert

Årleg blir det utført over 400.000 kirurgiske inngrep i Noreg. Det kan dreia seg om alt frå enkel opning av verkebyllar, reparasjon av beinbrot, akutte mageoperasjonar, keisarsnitt, utskifting av nedslitne hofteledd – til kompliserte transplantasjonar og sofistikert hjartekirurgi.

Mange av operasjonane er livreddande, ein god del gjev betre leveutsikter, betrar funksjonar eller lindrar plager. Slike operasjonar har udiskutabel nytteverdi for pasientane.

Men det finst operasjonar der effekten er mindre overtydande, til dømes ved smertefulle, men godarta tilstandar i muskulatur og skjelett. Langtidsresultata er relativt gode i slike tilfelle, også hjå dei som ikkje blir opererte. Då kan det vera vanskeleg å vurdera effekten av eit inngrep.

Betring etter operasjon kan nemleg ha andre årsaker enn sjølve det kirurgiske inngrepet. Det kan vera naturleg variasjon i smertetilstanden, endra levesett i rekonvalesensperioden, eller det kan vera placeboeffekt. Alt som skrur opp forventingane hjå pasienten, kan medverka til placeboeffekten og difor til eit godt operasjonsresultat: Flotte lokale, imponerande utstyrspark, god stemning, ritualet kring operasjonen, oppmuntrande og tillitvekkjande personell, tydeleg informasjon og god oppfylging.

Placeboeffekten lindrar vanlege smerter effektivt, kanskje med 35 prosent, etter inntak av inaktive sukkertablettar, medan placebokirurgi (narrekirurgi) i nokre tilfelle kan gje kring 50 prosent smertelindring i mange månader. Forventingane hjå pasienten spelar ei avgjerande rolle for effekten. Det har såleis synt seg at trufaste kyrkjegjengarar gjerne får uvanleg god effekt av placebo.

For å koma til botnar i dette og finna ut kor stor effekt sjølve kirurgien har, må forskarane gjera ein randomisert studie. Då blir friviljuge pasientar valde ut tilfeldig til narreoperasjon – berre eit overflatisk hudsnitt i operasjonsområdet – eller til vanleg operasjon. Dersom resultata er dei same i dei to pasientgruppene, kan ein slå fast at den studerte operasjonen er utan effekt. Slike omfattande studiar er faktisk gjennomførte og har vist manglande effekt etter meniskoperasjonar hjå dei over 50, etter utvalde ryggoperasjonar og etter skulderoperasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement