Essay

Oppsynskvinna

Kor lenge kan eg gå fritt blant furuene i skogen før dei stengjer han?

Publisert Sist oppdatert

Skogen endrar seg når det er mørkt. Fargane, luktene og lydane. Det som er så kjent og ope i dagslys, vert framandt. Sjølv med lommelykt er det vanskeleg å finna stien. Difor går eg berre om dagen. Eg likar å sjå trea, og sjå kor eg trør.

«– Det kunne ha blitt et furuhelvete.» Eg skjøner jo kva dei meiner, alle Schibsted-avisene som sist veke trykte den same saka med denne same tittelen, om familien som bygde hus i trematerialar (mykje ask, ikkje berre furu), i same stil som alle dagsturhyttene som dei siste åra har poppa opp over ein låg tursko, slik at folk har ein stad å gå inn når dei går ut.

Den siste tida har eg blitt var på furu og alt som har med treet å gjera. Eg likar ikkje når folk dissar furua. Det verkar som ho ofte er andrevalet. Fyrst til utsjånaden, der det er naturleg å samanlikna furu med gran. Grana er stolt, streit og stødig. Strekkjer seg rett opp, og om folk får velja, er det grana dei vil krone med ei stjerne til jul.

Furuer, derimot, kan finna på å veksa i finurlege formasjonar. På eit tidspunkt tek eg meg sjølv i å le, heilt åleine i skogen, fordi ei fure er så imponerande morosam. Stammen har fyrst vakse oppover, men ser ut til å ha ombestemt seg etter nokre meter og teke ein u-sving ned igjen før ho heldt fram sidevegs. Kva kan ha skjedd? Var det ein vinter med tung snø som gjorde det, tru?

Furua er ikkje forfengeleg. Hadde grana kunna, ville ho teke nål-extensions eller brukt tupé om ho såg at ho vart tynn i tuppane. Oftare og oftare lurer eg på om eit grantre i ei stove er ekte eller ikkje, slik eg i mitt stille sinn lurer på håret og vippene til folk.

Det er mykje festlegare med furu, eg er ikkje i stuss om kven eg ville vore av trea i skogen. Eg ville vore ei furu, vennane mine ville vore furuer, og me ville ha baksnakka den konforme grana, spesielt edelgrana. Me ville ha ledd av henne – Edel, som trur ho er noko berre fordi nokon har gjeve henne eit gjævt namn, dei same nokon som vil tena pengar på henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement