Essay

Ord mot ord

Fjellbygda Røldal er mest kjend for religiøse mirakel og vekkingar. Lokalpolitikken har òg vore underfull: totalt særmerkt av intens språkstrid.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Heilt inn på 1800-talet valfarta ovtrune pilegrimar til Røldal for å sjå krusifikset i stavkyrkja. Dei søkte både frelse og helse. På jonsokaftan sveitta krusifikset sæle dropar som kunne gjera sjuke folk friske. Kyrkja i Røldal var ein valfartsstad på høgd med Nidarosdomen. No er stavkyrkja ein turistattraksjon. Det kostar pengar å koma inn, som om kyrkja var eit museum.

Kyrkjerommet er rosemåla. Nokså høgt over kyrkjegolvet heng figuren som framstiller Kristus på krossen. Eg ser at augo til den blonde og langhåra Jesus er attlatne. Kroppen hans verkar avmagra, med synlege ribbein. Rundt livet er der eit lendeklede i gull. Føtene hans synest eg er unormalt lange, med lett sprikjande tær. Krusifikset er eit fysisk minne om ei sensasjonell historie frå Midtausten. Soga om dei lækjande sveittedropane er sant å seia eit eventyrleg framhald av denne.

Før i tida, i tidsrommet 1838–1964, var Røldal eit eige herad på 718,53 kvadratkilometer i det søraustlege hjørnet i Søndre Bergenshus amt, seinare Hordaland fylke. Alltid har mest alt folket i Røldal butt kring kyrkja, i Kyrkjekrinsen, rundt nordsida av Røldalsvatnet og oppetter dalen mot nordaust frå vatnet. Røldalsvatnet har osen sin i sør, der det no er demt opp. Frå osen renn elva Brattlandsåna, som til slutt fell ut i Suldalsvatnet i Ryfylke. Difor meiner somme at Røldal topografisk høyrer heime i Rogaland.

Og hit vart den einvise og samansette setesdølen Thorleif Homme kalla til prest i 1908. I stavkyrkja preika han på landsmål, han vart fyrste og sjølvskriven formann i Røldal mållag, han sådde vind og hausta storm. Meiningsmotstandarane hans hevda at han frå preikestolen skal ha sagt at «djevelen brukte rigsmaalet for at hindre at kristendommen skulde komme inn i hjertene». Homme skal ha meint at det einast var barnlause og gamlingar i Røldal som motarbeidde han og målstrevet hans, medrekna ein pensjonert lærar som «skræmde i riksrettstidi med avkristning, um inkje kongen fekk absolut veto».

Homme må ha vore litt av ein hombre. Han emigrerte til USA i 1873. Etter fjorten år gjorde han vendereis, og han tok teologisk eksamen i Kristiania i 1890. Dinest skreiv han ei rad bøker, mellom anna Kunsti, kva og kvi i 1902 – prenta med lovtale frå Arne Garborg. Han heldt fram med å skriva medan han hadde prestekallet i Røldal. Til dømes gav han i 1912 ut Dr. Martin Luthers litle kakisma. Umskipa og umsett fraa tysk og latin. Tre år seinare søkte han styresmaktene om vartpengar. Så forlét han både prestegjerninga og Røldal. Men kringom krusifikset var då eit politisk «mirakel» for lengst i full gang.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement