Kunnskap
Øyreverk
Hundar med store, hengjande øyre er søte, men får oftare øyreverk fordi øyra hemmar den naturlege luftinga av øyrekanalen.
Foto: Adam Kumiszcza / Wikipedia
Alle veit at hundar høyrer godt, mykje betre enn oss menneske. Difor er det litt nedslåande at blant alle sjukdommane hos hund er øyreverk ein av dei vanlegaste og kanskje også ein av dei vondaste. Dei primære årsakene har som regel noko å gjere med genetikk eller miljø, men det endar ofte med langvarige og smertefulle sekundære infeksjonar.
Eit hundeøyre er bygd opp på same viset som hos oss menneske, med det ytre øyret, som er alt du kan sjå, på utsida, og øyregangen inn til trommehinna. I den ytste delen av øyrekanalen vert det danna øyrevoks som smør huda og gjev vern mot fukt og infeksjonar. Sekretet som kjem ut frå øyregangen, er til vanleg ei blanding av øyrevoks og feitt og daude hudceller. Får hunden øyreverk, vil sekretet også innehalde væske, kvite blodlekamar og ei blanding av sopp, bakteriar eller parasittar.
Innanfor trommehinna ligg mellomøyret, eit holrom trygt plassert inni tinningbeinet, der vi finn øyreknoklane: hammar, ambolt og stigbøyel og ein kanal ned til svelget (øyretrompeten). Denne kanalen er viktig for høyrselssansen, fordi han gjer det mogleg å halde same luftrykket på båe sider av trommehinna. Aller inst har vi den mystisk vakre, sniglehusforma labyrinten, senteret for både høyrsel og likevektssans.
Avl og miljø
Menneske har ein ganske kort øyregang som går strakt og horisontalt frå utsida og inn til trommehinna. Hundar har ei litt anna oppbygging av kraniet, meir kjevebein og tyggemuskulatur, og øyrekanalen deira er lengre, brattare og med ein kraftig sving midtveges. Dette bygningstrekket kan gjere at øyrevoks og fukt hopar seg opp og gjev grobotn for infeksjonar.
Med avl har vi menneske forsterka dette problemet ved å laga fleire vanskapte hunderasar med ein sørgjeleg lite funksjonell anatomi. Ta til dømes hundar frå kortsnuta rasar, dei er ofte tungpusta og lir vondt av ei rekkje misdanningar. I tillegg kan dei også ha ein dårleg utvikla øyretrompet og difor vere meir disponerte for øyreverk. Eit anna problem ser vi hos hundar med store, hengjande øyre. Øyreflippen deira ligg som ein klaff over øyregangen, noko som skapar eit usunt, fuktig miljø. Slike hundar blir oftare plaga med tette øyregangar og infeksjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.