Essay

På gjengrodde omvegar

Nostalgien er ikkje det han eingong var.

Publisert Sist oppdatert

Eg har byrja gå ei ny rute til jobb. Det er mest for å ymsa i vegvalet. Til vanleg følger eg kvakkinga langs Akerselva før eg går opp Telthusbakken og gjennom Vår Frelsers Gravlund. Det er slett ikkje sørgeleg å gå der oppe blant gravstøttene. Faktisk er det mange kjekke folk der. Kjendisar òg. Dei tre store ligg på rekke og rad: Jokke, Pushwagner og Ari Behn. Det hender nokon set ut ein ølboks til førstnemnde. Han har ikkje etternamn på støtta si eingong, det står berre «Joachim».

Men no er det haust, og eg friskar opp ruta. Eg går om Alexander Kiellands plass første dagen. Så tar eg ein avstikkar om St. Hanshaugen. Og ein morgon står eg der, framfor ein bygard eg kjenner godt. Ei underleg sitring går gjennom kroppen. For her budde eg i kollektiv for snart tjue år sidan.

Døra er høg og porten er vid, og eg kikar så vidt inn i oppgangen. Eigarane har pussa grundig opp sidan sist. Då eg budde her, var sjølv trappa lealaus. På ringeklokka klistra me ein lapp der det stod S.T. Avanger. Det var kodespråk, så rogalendingar skulle finna fram når det var fest. På trettiårsdagen min spelte haugesundaren Pål Jackman konsert på kjøkkenet. Han trampa hòl i golvet. Og ein gong lo Carl så godt at han ramla ut vindauget og brekte armen. Han merka det ikkje eingong, så kjekt hadde me det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement