På jakt etter ¿gamle forteljingar
Fjordisen ligg tjukk innover Bowdoinsfjorden. Ti polarhundar spring tappert og taktfast framfor sleden min. Me er på veg inn til staden Eivind Astrup hadde den trøblete overvintringa frå 1893–94, då han for andre gong var med Peary på ekspedisjon til Grønland.
På veg inn i Bowdoinsfjorden – for å finne Robert Pearys gamle overvintringsstasjon Anniversary Lodge.
Foto: Stein P. Aasheim
Det er siste halvdel av mai, men det er lenge til våren kjem til desse breiddegradene. Me starta ekspedisjonen med ei veke i Qaanaaq, på det nordlegaste hjørnet av Vest-Grønland. Ingen andre stader i verda har mennesket klort seg fast på høgare breiddegrader enn her, kor dei såkalla «polareskimoane» bur. Og det var desse folka Eivind Astrup skreiv om med kjærleik i boka Blant nordpolens naboer frå 1895.
Han hadde reist inn og ut i desse store fjordane saman med inuittane. Han observerte korleis dei levde og overlevde. Han skreiv om skikkane deira, om trua og myteforteljingane. Han laga til og med ei ordliste frå språket deira. Før Astrup publiserte boka, hadde omverda liten kunnskap om dette folket og kulturen deira. Skotske kvalfangarar hadde rett nok hatt ein del kontakt og drive varebytte med dei innfødde, men kulturformidling var dei ikkje særleg opptekne av.
Ytste nord
Frå starten av 1900-talet var det danskane som overtok utforskinga av Nord-Grønland. I 1903 reiste følgjet med det legendariske namnet Den danske litterære Grønlands-Ekspedition nordover Melvillebukta, under leiing av Ludvig Mylius-Erichsen. Nokre år seinare grunnla Knud Rasmussen og Peter Freuchen ein handelsstasjon på staden dei kort og godt kalla Thule, etter det latinske omgrepet for nord, henta frå sjøfararen Pytheas’ kjende forteljing om reisa nordover i Europa rundt 325 før Kristus.
Rasmussen meinte at danskane hadde plikt til å syte for ein rettskaffen handel med dei innfødde, slik at dei fekk tilgang til varene dei «allerede var bleven afhengige af gennem tuskhandel med skotske hvalfangere og amerikanske ekspeditioner». Samstundes ville han sikre dansk herredøme over denne busette, men ikkje koloniserte, delen av Grønland, før andre land kom dei i forkjøpet. Det gjekk mellom anna rykte om at nordmannen Otto Sverdrup ønskte å byggje ein handelsstasjon i desse nordlege stroka.
Stasjonen til Rasmussen vart òg utrustingshamn for dei sju namngjetne Thule-ekspedisjonane som gikk føre seg i perioden frå 1912–33. Fyrst i 1937 vart den private stasjonen – og følgjeleg administrasjonen av det nordlegaste Grønland – overtatt av den danske staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.