Essay
¿ «Parallelle» liv
Båe kom fram til Sørpolen. Dinest fraus Robert Scott i hel, medan Roald Amundsen seinare berre forsvann.
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Lytt til artikkelen:
Midt på dagen 12. januar 1929 gjekk forsvarsminister Torgeir Anderssen-Rysst på talarstolen i Stortinget og las opp meldinga om «rikets tilstand». Dei siste tre avsnitta i talen til statsråden gjeld Roald Amundsen. Anderssen-Rysst gjer kjent at polfararen vart meld sakna i slutten av juni 1928. Då var Amundsen om bord i «den franske flyvebåt ’Latham’ (...) underveis fra Norge til Svalbard for å delta i søkningen efter ’Italia’», luftskipet til den italienske ishavsfararen Umberto Nobile.
På nøkternt vis seier Anderssen-Rysst at gudane skal vita at dei leita etter Amundsen. Det var kommanderande admiral «under samarbeide med den franske admiral Herr» som leidde søka. Nordmennene sende fly og krigsskip ut på søk, pluss ishavsskuta «Hobby», «som var stilt til den norske regjerings disposisjon av amerikansk undersått miss Boyd», elskarinna til Amundsen. «Enn videre blev der ved denne eftersøkning ydet bistand fra italiensk, russisk, svensk og dansk side, samt fra den private ’Veslekari-ekspedisjon’.» Statsråd Anderssen-Rysst sluttar meldinga om tilstanden i riket med å opplysa om at panserskipet «Tordenskjold»s planlagde tokt til Færøyane og Island vart avlyst med di det skulle vera med på leiteaksjonen etter Roald Amundsen.
Slik endar den offisielle soga om livet til Amundsen signert Haakon VII, Joh. Ludw. Mowinckel og ein til. Framstillinga av dødsfallet er minimalistisk og tilsynelatande skriven med Ockhams barberkniv – her er det korkje kjøt eller blod.
Men alle meldingar om «rikets tilstand» er skrivne over same leisten. Dei er kronologiske, lineære og saklege lik ei loggbok. Desse norske annalane er jamvel grunnlovfeste: Paragraf 74 lærer at kvar opning av Stortinget skal byrja med ein tale om tilstanden i riket. I regelen handlar desse skriftlege talane om avtalar, lover og andre vedtak, tidvis om statistikk og tal – ikkje einskildpersonar. Omtalen av Amundsen må vera eit tilnærma eineståande unnatak. Årsaka er «barnelærdom» på norsk: datoen 14. desember 1911; den såkalla sørpoldagen; den tidfeste «sigeren» over Robert Falcon Scott og felagane hans i det norsk-britiske kappløpet mot Sørpolen.
Korleis kan vi sjå på dette i dag? Vel, noko kan vi sjå med eigne augo: Amundsen filma nemleg sørpolferda si. Roald Amundsens Sydpolferd varer i cirka elleve minutt. Filmen vart i 2005 oppført på verdsarvlista til Unesco. Han byrjar med at polarskuta «Fram» vert gjord klår ved Akershuskaia i Oslo, inneheld bilete av hundar som vert tekne om bord, og held fram med kvalar nordmennene ser i Kvalbukta i Sørishavet og pingvinar rett ved iskanten der «Fram» ankrar opp. Basen rett attmed kallar dei målpolitisk korrekt Framheim.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.