Essay

Psykiatrispråket

Kva kan ein psykiatrisk journal fortelja om eit menneske i krise?

Publisert Sist oppdatert

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del fire av seks. Heile serien finn du her.

Å vera pårørande til eit psykisk sjukt menneske er for det meste å stå på utsida.

Reint fysisk, innimellom, ved ei dør som ikkje blir opna, til dømes fordi den sjuke har sagt at han eller ho ikkje vil ha vitjing akkurat no. Hadde ein kome attende ein halvtime seinare, ville ein kanskje ha sloppe inn, om den sjuke er ambivalent nok i kjenslene. Men slik må det vera, viljen er i det lengste fri.

Elles handlar det i stor grad om ikkje å få vita. Om å spørja, fordi ein ynskjer å forstå og kunne hjelpe, men få til svar at det og det ikkje er informasjon som kan delast utan særskilt løyve. Slik må det kanskje òg vera, på grunn av teieplikta og av omsyn til personvernet, sjølv om ein del psykiatriske pasientar nok ville ha tent på det om familien fekk djupare innsikt i situasjonen deira.

Essensen

Om den sjuke til slutt døyr, til dømes i sjølvmord, har ein som nær etterlaten plutseleg sterkare rettar. Då kan ein få lesa praktisk talt alt som finst av dokumentasjon – så lenge sensitive opplysningar om ein tredjepart ikkje blir avslørde; i slike tilfelle kan delar av materialet måtte sladdast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement