Essay
Raud kjempe
Blodbøk er ein variant av alminneleg bøk og vert nytta som prydtre i tun og hagar. Den raude fargen gjev treslaget unik karakter.
Blodbøk byrja som ein mutasjon i Possenwald i Thüringen.
Foto via Wikimedia Commons
Det skal handle om dendrologi, læra om tre. Ikkje kva som helst tre, men om blodbøk. Sjølv om denne forteljinga er skriven på Sunnmøre, er det ikkje her soga tek til. Ho byrjar nemleg i Det tysk-romerske riket i år 1690, i ein skog utanfor byen Sonderhausen, som er administrasjonsstad i delstaten Thüringen.
For skogen, som på lokalspråket heiter Possenwald, er sjølve fødestaden for noko så merkverdig som eit raudt tre. Oppdaginga vart nøye studert og dokumentert, slik berre tyskarar kan gjere.
Dei historiske kjeldene seier ikkje noko om kven som gjorde den sensasjonelle oppdaginga.
Vel, så var det ingen brennande busk som talte. Eg går likevel ut frå at han eller ho som gjorde funnet, må ha teke med seg bygdefolket for å bli teken på alvor då vedkommande fortalde om det raude treet utanfor bygrensa.
Blodbøk har oppstått gjennom det som på fagspråket heiter mutasjon, ein prosess der meir eller mindre tilfeldige endringar i arvestoffet gjev nye eigenskapar til avkommet.
Slik fekk ein alminneleg bøk nye karakteristikkar i form av den særmerkte raudfargen, som elles berre er å sjå hos eit fåtal andre lauvtre. Fargen er eit resultat av auka produksjon av antocyanin, eit stoff som reflekterer lys i den raude delen av lysspekteret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.