Kunnskap

Raudsjuke

Raudsjukebakterien er vanleg i jord og vatn, og utegris bør vaksinerast.
Raudsjukebakterien er vanleg i jord og vatn, og utegris bør vaksinerast.
Publisert

Det er sommar, og nokre få, heldige grisar får sleppe ut frå fjøset og leve eit liv som «utegris». Grisar har stor glede av å grave i mold og springe rundt saman med venene sine. Stadig fleire forbrukarar vil ha prov på at dyra dei et til middag, har hatt eit godt liv.

Det er lett å sjå for seg at gris som får vere utandørs, har eit betre og meir innhaldsrikt liv enn dei som heile livet står stua saman i ein binge med hardt golv av betong. Men utelivet har òg sine ulemper – ei av dei kjenner vi som sjukdomen raudsjuke.

Knuterosen

Raudsjuke er ein velkjend bakterieinfeksjon for alle som held på med gris. Sjukdomen kan opptre i akutt form med døyeleg blodforgifting, ein litt mildare form med feber og raudt utslett på huda eller som ein kronisk betennelse i ledd og på hjarteklaffane. Utslettet på huda, som også er grunnen til namnet raudsjuke, viser seg som raude hevelsar med eit litt merkeleg, diamantforma omriss, og frå gamalt blei raudsjuke også kalla «knuterosen». Akutt raudsjuke med høg feber er ofte døyeleg. Rask behandling med penicillin bergar som regel livet, men drektige dyr kan lett abortere og det kan også bli kroniske seinskadar i ledd eller hjarte.

Bakterien, med det flotte namnet Erysipelothrix rhusiopatiae, er vanleg i jord og vatn, og friske grisar er ofte smitteberarar. Dei skil ut bakteriar med spytt og avføring, og smitten kan overleve i mange veker i gjødsel og i jord. Raudsjukebakterien er ein tilpassingsdyktig organisme som kan gje sjukdom hos fleire dyreartar, hos sau og lam kan det til dømes utvikle seg til ein alvorleg leddbetennelse. Smitten finst òg hos andre husdyr, som hest og kalkun, og i vatn, der både fisk og skaldyr kan vere smitteberarar.

Vaksinering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement