Historie

¿ Raudt støv

Sovjetunionen skulle bli noko skinande nytt. Men Sigrid Undset såg berre fortid, ikkje framtid.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Sigrid Undset er i Stockholm, men ønskjer å dra til USA. Der kan ho gjere meir nytte for seg i kampen for eit fritt Noreg, trur ho. Før krigen var ho invitert på foredragsturné i USA, så ho må alt ha vurdert å reise til Amerika. Bøkene hennar har selt i mange hundre tusen over there, og nobelprisvinnaren har eit stort namn. Kanskje har ho òg lyst til å oppleve USA, der ho aldri har vore før.

Men korleis kjem ein seg til USA når Noreg og Danmark er okkupert og Tyskland driv blitskrig på fleire frontar og snart vil ha okkupert heile Nord-Europa?

Først freistar ho å komme seg over Atlanteren via Petsamo, den nordlege tunga til Barentshavet som enno var under finsk kontroll. Det viser seg å vere umogleg. Alternativet som no peikte seg ut, var ikkje akkurat nokon snarveg: gjennom Russland og Sibir til Stillehavet, Japan og USA.

På den sovjetiske ambassaden i Stockholm var det Aleksandra Kollontaj som tok imot henne. Undset skriv dessverre ikkje om møtet, men Kollontaj var ein særs interessant skikkelse. Etter studiar i Sveits budde kommunisten, feministen og forfattaren i Oslo frå 1915 til 1917. Då reiste ho til Russland og blei minister i den første sovjetiske regjeringa – og dermed den første kvinnelege statsråden i verda. Ho var også mellom dei første kvinnelege diplomatane, og i 1920-åra var ho i to omgangar stasjonert i Noreg, der ho jobba med kulturutveksling og fekk eit imponerande nettverk. Faktisk har ho fått æra for at Noreg godkjende Sovjetunionen så tidleg (1924).

Den radikale Kollontaj og Undset stod så langt frå kvarandre politisk som det er mogleg å komme. Kollontaj visste garantert at Undset på mange område var reaksjonær. Samstundes ville det vore rart om dei ikkje respekterte kvarandre. Mange av Undsets tidlege bøker handlar om kvinner som bryt med dei tradisjonelle kjønnsrollene. Både Undset og Kollontaj var sjølvstendige, intelligente og engasjerte kvinner med imponerande merittar bak seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement