Reportasje

Rein i fjell og bronse

RAULAND: Slekta til Johan Vaa har jakta på rein i ti gene­rasjonar, sett bort frå far hans, Dyre Vaa, som fanga rein i kjende bronseskulpturar.

– Elgjakta har kome i tillegg til reinsjakta, fortel Johan Vaa, ved elgen som han dagen før kom heim frå Kvenndalen med.
– Elgjakta har kome i tillegg til reinsjakta, fortel Johan Vaa, ved elgen som han dagen før kom heim frå Kvenndalen med.
Publisert Sist oppdatert

Johan Vaa bur i Rauland i Vinje kommune i Telemark. Fylkesvegen fylgjer Totak, innsjøen 687 meter over havet. Utsynet frå vegen er vatnet og vidda. Tre mil avlange Totak ligg som ei spegelblank vollgrav framføre festningen som reiser seg i vest: Hardangervidda. Ho er ikkje tinder og dalar, men eit platå, det største høgfjellsplatået i Europa.

Driftekarane

Vegen svingar inn i skogen der området kring vatnet er privat eigedom, Sporanes, til Johan Vaa. Frå ei løynd avkøyrsle går kjerrevegen gjennom tett skog og endar i ein lysning mellom fylkesvegen og Totak. Kring det store tunet ligg stabbur, løe, verkstad, bustadhus, kårstove og gjestehus. Det liknar ein ranch på vestkysten av Canada, mellom Vancouver og Rockies, fjellheimen.

På tunet står ein diger kvit pickup med blodspor på planet. Seint i går kveld kom Vaa heim frå jakt i Kvenndalen, «indrefileten av Hardangervidda», som han kallar dalen han har skrive bok om, Langs Kvenna – før og no (2009).

I fjellet handlar det om dyr, ville og tamme. I ættledd har Vaa-ane vore jegerar, men cowboyar òg, driftekarar, som det heiter her. Vaa fortel:

– Farfar Tor og oldefar Aanund var driftekarar og krøtterhandlarar. Tor var av dei siste representantane for driftebruket. Om våren kjøpte dei opp fe, som dei hadde på beite i fjellet om sumaren. Om hausten dreiv dei slaktefeet ned mot marknaden i Skien. Dei som var flinke i næringa, kunne gjera det godt. Oldefar Aanund hadde åtte sysken å løyse ut, men då han døydde, åtte han heimgarden og to gardar til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement