🎧 Mørker og solrenning i fjellheimen
THE ROCKIES: ViaRail syter for dagsljos over fjellet, båe vegar. Same mann som fann traseen, fann opp tidssonene og 24-timersdøgeret.
Midt på dagen og midt i fjellheimen stoggar toget eit par timar i Jasper, ein jarnbaneby som har vorte turistsentrum.
Alle foto: Håvard Rem
Midt på dagen og midt i fjellheimen stoggar toget eit par timar i Jasper, ein jarnbaneby som har vorte turistsentrum.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
havard@dagogtid.no
Som ein høg, bratt vegg mot himmelen kjem the Rockies til syne. Korleis få eit lokomotiv over den nordlege delen av Rocky Mountains? Den skotsk-kanadiske jarnbaneingeniøren Sandford Fleming fann traseen gjennom Yellowhead Pass, Gulhovud-passet, oppkalla etter den tospråklege, blonde irokesaren som kring 1800 synte europearane ein framkomeleg veg gjennom fjellheimen.
Over havet
?Eg vaknar i overkøya. For å skjerma dei andre i sovekupeen er eg snar til å kvela ringjetonen. Av di eg gjerne søv godt på tog, sette eg i går kveld vekkinga til halv seks – ikkje for å rekka frukosten, open til i titida, men for å sjå solrenninga om ein dryg time.
Lokomotivet vårt vart for to år sidan avbilda på tidollarsetelen som markerte Canadas 150 år som nasjon. Med 16 sylindrar og ei lengd på 17 meter, med ei tyngd på 120 tonn og toppfart på 180 km/t, har det sytt for at eg i lett svevn har vorte lyfta frå 500 til 1000 meter over havet – der dei høgastliggjande stasjonane heime ligg, som Ustaoset (990 moh.) og Hjerkinn (1017 moh.), men her køyrer me i den høgda i dei neste åtte timane, som om heile Bergensbanen låg på Hardangervidde-platået eller ferda frå Oslo til Trondheim på Dovre-platået.
Eg er i verdas nest største land, etter Russland, i flatemål: Ti millionar kvadratkilometer, med plass til 25 Noreg. Av di ferda gjennom fjellheimen er den transkontinentale indrefileten, nett som på amerikanske jarnbanar i sør, gjev rutetabellen – som me kan takka Sandford Fleming og ein slumsete korrekturlesar for –?soloppgang og dagsljos i the Rockies båe vegar.
Med dagsljoset vil seta på observasjonsdekket verta fylte. Somme flyg inn til næraste lufthamn for å toga desse åtte timane. Få er så vande med fjellheim som nordmenn, men frå toppen av Galdhøpiggen (2469 moh.) er det framleis halvannan kilometer opp til Mount Robson (3954 moh.), som står i nord og ventar, fyrst på sola, så på toget.
Men om du frå den snødekte Robson-toppen svevar endå ein kilometer opp i lufta, til ei halv mil over havet, som to Galdhøpiggar oppå kvarandre, kvar kjem du då?
Jau, då kjem du til ein jarnbanestasjon, ikkje her i Canada, men i Tibet, Tanggula stasjon (5068 moh.), der eg ein gong gjekk av, før nedstiginga til Lhasa (4200 moh.) og Potala-palasset, for å strekkja på beina og trekkja tynn luft.
Kupeane
Eg slepper meg ned frå køya, eller bingen – romsleg nok for alt eg har med. Eg har pakka lett, utan minivasskokaren som syter for varm morgonkaffi så sant eg har straum. Frå dusjrommet fremst i sovevogna går eg til loungen, under observasjonsdekket, der det er nytrekt kaffi frå klokka seks.
Når ein går att og fram i toget, vert ein vand med å gå i boge gjennom sovevogna. Frå døra til førre vogn byrjar korridoren som midtgang med køyer på kvar side, og endar med einmannskupear på kvar side, men midtvegs, ved tomannskupeane, bogar korridoren seg attmed vindaugo.
Eg hamna i ein open firemannskupé av di det var utselt for lukka einmannskupear – som eg hadde då eg kryssa Australia med tog, ein god heim i fire døger, ikkje minst då eg oppdaga grepet som gjer sofa til seng. Canada-billetten tinga eg ein månad på førehand, men då var dei lukka kupeane og underkøyene med vindauga alt utselde. Att var overkøye utan vindauga, til om lag same pris. Ting tidleg, med andre ord.
Og klag ikkje. Firemannskupeane er langt romslegare enn seksmannskupeane i sovevognene i Vietnam, tre i høgda og smale, meir mynta på austasiatar enn skandinavar.
Dessutan har eg vore heldig med sambuarane, som no søv bak kvar sitt gardin: Ann, den australske kvinna med dansk etternamn som eg fann kaffimjølk til i ventehallen i Vancouver, og Rob og Matt, far og son, senior pensjonist i Minneapolis, junior Amazon-mellomleiar og -deleigar i hovudkvarteret i Seattle. Av di Ann forlét oss alt før lunsj i dag, i Jasper, der ho skal vitja ei dotter, får eg halve firemannskupeen for meg sjølv det meste av ferda.
Jarnbanehegemoniet
Heime har sovevogna vore på veg ut dei siste åra, dels på grunn av oppstykking og privatisering av jarnbanen, men no er ho brått særs etterspurd. I dag er det stor nattogsatsing i Europa. Då Deutsche Bahn la ned City Night Line i 2014, tok Österreichische Bundesbahnen over, endra reknemåten og dobla passasjertalet.
Vogga til sovevogna stod sjølvsagt i Nord-Amerika, der jarnbanen frå midt på 1800-talet fekk ei transkontinental stordomstid då toget erobra fjellheimen og la under seg prærien. Reisetida sokk frå fire månader til fire dagar. Før toget var skip om Eldlandet snøggaste veg frå aust- til vestkysten, slik to døger på båt om Stavanger og Kristiansand var snøggaste vegen mellom Bergen og hovudstaden.
Ved sida av USA og Canada vart jarnbanen stor i andre britiske koloniar som India, Australia og Burma. Rett nok vart jarnbanen fødd i Vest-Europa, men han vart vaksen i Nord-Amerika. Eit bel låg ni av ti skjenemeter i verda der. Men nordamerikanarane vart snøgt store på bil og fly òg. Med motorvegane fekk jarnbanen konkurranse, og med luftfarten vart han utkonkurrert.
Det handla om teknologi, men om samfunnsordning òg. Kapitalisme, som forsynte utbyggjarane med privat eigedom attmed skjenegangen, dreiv fram jarnbanen i Nord-Amerika så lenge det var ledig urfolkland att. Planøkonomi og sentralstyring flytta på 1900-talet jarnbaneoppsvinget til Sovjet og Aust-Europa, der Romania (1100 mil) fekk tre gonger meir jarnbane enn Noreg. Set togferda gjennom Transylvania høgt på lista.
Dei siste tiåra har hegemoniet, i kvantitet som i kvalitet, flytta seg til Nordaust-Asia, ført an av Japan, halde fram av Kina. Enno har USA litt meir skjenegang enn Kina, men medan kinesarane har elektrisert heile 9000 av dei 13.000 skjenemila sine, har amerikanarane elektrifisert 16 (!) av sine 15.000.
Observasjonsdekket
Og det vart morgon, andre dagen. Det dampar frå kaffikoppen eg tek med opp ståltrappa til observasjonsdekket. Eg likar meg her før daggry, åleine eller i lag med andre som vil vera åleine, medan mørkeret rår ute. Heldigvis rår det inne òg. Taklampene som om kvelden blendar vindaugo med atterskin, er sløkte, så ein kan sjå at det ikkje er så mørkt ute likevel, men twilight, tviljos. Skreddartimen kan det heite om morgonen òg, før dagen kjem og kler natur og menneske, landskap og andlet, i klede av ljos:
Skreddaren er tidleg vaken
Syr ei drakt av kvitgrå laken
Berre mørkret kler deg naken
Motstraums fylgjer toget Columbia River til kjeldene i nord. Elva gav namn til provinsen me snart forlèt, og passerer Grand Coulee-demningen i Washington før ho tømmer seg i Stillehavet. Når me køyrer inn i Alberta, køyrer me frå stillehavstid til fjelltid.
Fem tidssoner dreg toget gjennom på vegen til Toronto. Sonene er togsoge. Før jarnbanen var det fleire hundre ulike lokaltider, eit umogeleg utgangspunkt for ein togtabell. Jarnbaneingeniøren Sandford Fleming fann løysinga, slik han fann traseen gjennom Yellowhead Pass og the Rockies som me køyrer nett no. Han laga eit 24-timarsdøger for heile verda, med globale tidssoner ut frå lengdegraden gjennom Greenwich, etter at ein korrekturlesar blingsa på p.m. og a.m. så han kom for seint til eit tog. Elles var han tidleg ute. Alt i 1862 presenterte han kanadiske styresmakter for ein plan om jarnbane frå aust- til vestkysten.
Ladetid
Eg riv meg laus frå mørkeret under kuppelen og går ned til kafévogna. Eit morgonritual er lading. Fellesnemnar for dei einslege karane om bord er godt med elektronikk: foto- og videokamera, mobiltelefon, berbar datamaskin, nettbrett, kan henda ein diktafon. Av di det ikkje er stikkontakt i firemannskupeane, møtest me ved det eine bordet i kafévogna med straumuttak. Fleire har med ei padde, så dei kan lada alt samstundes.
Og låner ut eit stikk. Ladebordet vert ein sosial stasjon for dei minst sosiale. Kim, tidleg i tjueåra, frå Busan sør i Sør-Korea, har nett kome til Toronto som student og snakkar førebels ikkje engelsk, noko som heller ikkje er naudsynt for å sjå det nye landet. Under måltida fyller han ut sin del av samtalane med breie smil. Men i ro og tosemd ved ladebordet kjem litt engelsk.
For skotske Paul på 50 er ikkje språket ei hindring, sett bort frå at dialekten hans er breiare enn smila til Kim, men prat er for han som skit på vindaugo, støy som ureinar reiseopplevinga. Men i tunnelane og kring ladebordet vert han meir pratsam, og det kjem fram at han to gonger har teke hurtigruta frå Bergen til Kirkenes og attende, sett Svalbard og så bortetter.
Av dei einsamreisande er flest kvinner, som nyskilde Ann, som snart kjem til frukost. Ei av dei legg ikkje skjul på at terapeuten rådde henne til å ta turen – for å læra seg å verta kjend med framande i ein situasjon som er langsam, roleg og føreseieleg, der ho sjølv kan regulera graden av nærleik og fråstand, trinnlaust og umerkeleg, i val av bord i restaurant- og kafévogna, av stol i loungen og på observasjonsdekket.
Restaurantvogna
Der kjem Ann med sola. Far og son kjem òg. Firkløveret samlar seg til frukosten. Somme tingar to egg og bacon, andre vaflar med lønnesirup, atter andre veganske hashbrowns med sauterte grønsakar og tofu. Til middagen i går kveld var hovudretten anten kalvestuing, pannesteikte torskeskiver med varm tomat og sylta kvitlauk, omnsbakt og urtemarinert kyllingfilet eller portobellosopp i jumboutgåve, fylte med linser, tomat og urter.
Eg høyrer ingen som klagar over vinutvalet, forretten og desserten. Det er ro kring måltida. Det er fire stolar kring eit bord med kvit duk, tøyserviettar, servise i steintøy, glas av glas, bestikk som veg i handa, kelnerar i uniform, varme retter rett frå meisterkokken på kjøkenet, meny på stivt papir. Standard og interiør liknar restaurantvogna på Bergensbanen i gamle dagar.
Utsynet liknar òg, sett bort frå at Rockies-platået har kanadiske dimensjonar, noko solrenninga no stadfestar: I syningom ligg ikkje flate viddemil, men 4000 meter høge fjell som skjenegangen buktar seg mellom.
Me passerer Robson-fjellet i nord, og køyrer frå Britisk Columbia inn i Alberta, frå havtid til fjelltid, inn i ei tidssone Fleming spikra, på ein trasé han føreslo, gjennom fjellpasset som fekk namn etter Pierre Bostonais, ein métis frå den blandingskulturen av innfødde og innvandrarar, urfolk og vestlege, som rådde på den kanadiske prærien før jarnbanen og nasjonen vart bygd.
Somme flyg inn til næraste lufthamn for å toga dei åtte timane.
Taklampene er sløkte i timen før daggry.
Canada med tog. Del 2 av 5
Håvard Rem tek toget frå Vancouver og Stillehavet i vest mot Atlanterhavet i aust, frå Britisk Columbia og fjellheimen, via prærien og Toronto, til Montreal. I 2009 gav han ut boka Togreiser. Seks reiseruter i Norden, Europa og Asia.