Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Sauejag

SOGNDALSDALEN: 256 sauer og lam vart sleppte til fjells i vår, og no skal vi finne dei att, sanke dei saman og føre og jage dei attende til garden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rutinerte 60019, fødd i 2016, beitar litt før eg jagar på vidare ned dalen.

Foto: Håvard Flatland

13176
20201009
13176
20201009

Lytt til artikkelen:

hflatland@gmail.com

Filmen Ce qui nous lie frå 2017 fekk den norske tittelen Vår vingård i Burgund. Rett omsett frå fransk vert det i staden «det som bind oss». Noko av det sterkaste bindemiddelet er familie og geografi. Kvar vi kjem frå. Om det er ein fransk vingard eller eit vestnorsk sauebruk, så finst det noko som dreg oss mot slektsgarden.

Det er kanskje difor eg står under ein fjellhammar i 1100 meters høgd, med våte fjellsko og sveitt ulltrøye, og speidar etter noko på hi sida av dalen. Eg er med på årets sauejag. Smalasanking, sauesanking – å hente sauer og lam frå sommarbeite har mange namn. Omfang og måten å gjere det på skiftar med landskapet. I somme område med stor tettleik av dyr sankar mange i lag. Andre går åleine med ein veldressert gjetarhund. Flate kystbeite på Jæren har andre løysingar enn bønder med høgfjellsbeite.

Syskenbarnet mitt Jostein driv garden som har gjeve meg etternamnet Flatland. Han er fjerde generasjon etter at oldefar Anders kjøpte garden i 1907. Garden ligg nesten inst ved Dalavatnet i Sogndalsdalen, og fjellbeitet ligg i fjella ovanfor Anestølen.

Dei som har trekt i fjellsko, ull og allvêrsjakke for dette oppdraget, er ein intensivsjukepleiar, ein anestesilege, ein pensjonert ingeniør, ein pensjonert lærar, ein pensjonert bonde og ein konditor. Og så bonden Jostein og kona Tove.

Dei utvalde er naturlegvis ikkje med i kraft av å vere lærar eller sjukepleiar, men fordi menneska bak desse yrka er dei som kjenner sterkast på det som bind. Dei er næraste slekta til bonden: ein bror, ein far, ein svoger, onklar og syskenbarn. Deltakinga i sankinga gjer banda sterkare, også for dei som flytta frå garden for over femti år sidan.

Tverrdalen er hovudbeite for sauene til Jostein. Når sauene blir sleppte ved Anestølen i juni, går dei oppover dalen og fjellsidene etter kvart som snøen smeltar og friskt nytt gras dukkar opp. I år kom det mykje snø seint på vinteren, og når då snøen smeltar seint, vert det stadig nytt gras som veks opp.

Klokka åtte er det oppmøte ved Anestølen. Bonden deler ut radio til kommunikasjon og dagens plan. Onkel Arne fortel at dei kjøpte ein walkietalkie til garden fyrste gong i 1975, samtidig som nabobonden Hjalmar. Den gong var det dei to som sanka sauene. No er det òg mogleg å radiomerke sauene for slik å lettare finne dei att. Jostein har ti sauer med GPS-bjølle, men sidan det ikkje er mobildekning her oppe i fjellet, må han bruke den dyraste varianten som sender via satellitt. Difor er det førebels for kostbart å ha det på alle sauene.

Som alltid er det nokon som går framover dalen på vestre side av elva, medan resten går på austre. Det er tredje året eg er med. Eg får tildelt vestre breidd, eller «Badnakona-sida», etter fjellet Badnakona som vi går under. Det er skodde og svært dårleg sikt om morgonen, difor vert det ikkje til at vi går opp på Vombi til Badnakona, men held oss på stien nede ved elva. Det er tre kilometer opp til Tverrdalsvatnet. Stien går gjennom myr, steinur og grasdekte moreneryggar.

«Eg har sett fem dyr langt oppe i Knubbaskreda», kjem det over radioen. Det er Sigbjørn som melder det frå posisjonen sin på andre sida av dalen. Arne, Tove og eg er berre halvvegs til vatnet, og desse fem sauene får ein av oss klyve opp til når vi er på veg ned att. Det blir nok meg. Gjennomsnittsalderen er høg på sankelaget, det er tre mann over 70. Difor må dei to ungfolane på 41 ta dei lengste rundturane og dei høgste klatringane.

Før var det fleire av gardane i grannelaget som hadde sauer på beite i Tverrdalen. Då vart det sanka i lag, og så vart dyra skilde ved Anestølen. No har fleire kutta ut sau og har anten berre geit eller kyr. Når det vart færre flokkar, fekk sauene som tilhøyrer garden vår, større område å breie seg på. Det gjer at sauejaget no dreg ut i tid og rom.

Are, Sigbjørn og Gunnar har samla ein pen flokk inne i botnen framom vatnet. For å kome seg inn på stien ned dalen må dei fyrst krysse Tverrelva, som kjem frå Stora Tverrdalsvatnet, 1225 meter over havet. Alt regnet dei to siste dagane har gjort elva stor. Vil sauene kome seg over? Om fyrste sauen byrjar å tvile, kan han plutseleg fare oppover skråninga mot Nipa, og så kjem lamma og kanskje andre sauer på same tanken.

Bonden har sett kva som hender, og er på radioen: «Jostein til Are. Ta det roleg ved Tverrelva. La sauene få ta initiativet. Men la dei ikkje stå for lenge å lure, då må de pressa litt.»

Frå posisjonen på andre sida har Tove og eg god utsikt til dramaet. Vi har sett oss under ein liten hammar, der det er litt ly for regnet. Medan vi et nista, lettar skodda. To meter framfor beina våre kjem det fram eit lemen. Det sit og gneg på noko i lyngen eit minutt, før det får auge på oss og piler ned i eit hol.

Ein skulle kanskje ikkje tru at den litt spedlemma norske kvite sauen var rette rasen her oppe i 1100–1200 meters høgd, eit stykke inne i Jostedalsbreen nasjonalpark. Men både sauer og lam klyv eller sprett elegant over hindringar og steinurer.

Norsk kvit sau fekk namnet sitt for 20 år sidan og er kryssa fram av dei norske rasane dala-, rygja- og steigarsau, med litt engelsk blod frå sjeviot og leicester. Seinare har den fruktbare finnen finsk landsau vore prøvd, og dette har auka lammetalet.

Avlsarbeidet har vore retta mot større kjøtfylde og fleire lam per sau. Ein sau har to spenar på juret og nok mjølk til to lam. Men naturen er ikkje slik at alle sauer får to lam. Nokre får eitt, og mange får tre eller fire. Jostein er god på å adoptere bort eit tredjelam til ein sau som berre har eitt, når lemminga står på for fullt. Men det blir også ein del kopplam. Dei er til stor glede for ungane på garden, men ei økonomisk hovudpine. Tørrmjølkpulveret er ikkje billeg.

Ved salteplassen står nokre sauer, og Tove og eg byrjar å samle dei for å ta fatt på buføringa ned hovudstien mot Anestølen. Vi avtaler at eg skal klyve oppover mot dei fem som vi såg tidlegare på dagen. Eg tek av frå stien for ikkje å tape så mykje høgde. I fjellsida under Badnakona er det fleire ryggar og små dalar mellom desse. Eg ser meg ut ei linje i den bratte fjellsida der eg vil prøve å ta meg bort mot dei fem sauene. Sida er dekt av vått gras, blåbærlyng og store felt med bregnar.

Eg rundar ein låg rygg og ser at eg må langt ned att for å krysse bekken trygt. Bekken er ikkje så stor, men han ligg i ei renne av glatte svaberg eit godt stykke. Litt ovanfor meg ser eg at det likevel går an å krysse. Det ligg ein stor stein over bekken, mest som ei bru. Eg blir ivrig og set oppover. Då glir begge skoa, og eg er på veg til å falle ned på svaberget. Hendene krafsar etter noko å halde i. To blåbærplanter vert redninga. Eg får kravla meg opp på det som må vere eit dyretrakk over meg. Hendene skjelv, adrenalinet har teke over for fornufta. I staden for å gå attende kryp eg innåt den bratte stien og kryssar bekken.

Den eine sauen har raudt bjøllemerke, som tyder to lam. Men her er berre eitt. Noko har hendt. Heldigvis går dei lydig inn på stien når eg kjem nær. Rundt ein stor stein møter vi på dei tre siste. Sauene går på skrå nedover fjellsida, og eg forsøker å halde følgje.

Tove kallar meg opp på radioen. Ho står litt lenger nede og har kontroll om dei skulle finne på å setje kursen oppover dalen att. Arne har med seg nokre dyr og har starta på vegen attende til Anestølen. Til saman har vi på vestre breidd om lag 20. Dei på austre breidd har kome litt lenger med buføringa.

Vi byrjar å sjå enden på dagens dont. Fjellskoa mine er våte, dei held ein halv dag. Ned mot Anestølen deler stien seg i fleire parallelle stiar. Då er det at sauen som mangla eit lam, skyt ut mot høgre og spring oppover. Eg set etter. Men Jostein på andre sida har sett det, og seier over radioen at vi skal late sauen fare.

Vi er i området under Vombi, og her hender det at ørna tek lam som nett er sleppte på beite. Kanskje vart det lagnaden til lammet som manglar. Elles er bøndene her vest lite plaga med rovdyr. Jerv har teke sau her, men det er mange år sidan. I 2008 var ein bjørn i vesterveg i fjella her inst i Sogn, men han vart skoten i Fjærland.

Buføret er ein bra flokk, vi tel om lag 120. Nokre har blå øyremerke, og desse høyrer nabobonden til. Dei fire kilometrane frå Anestølen til garden er grusveg og asfalt. Då alle dyra er komne inn bak grinda på innmarksbeitet, ventar dusj og middag på dei tobeinte. Praten går, og planar for neste dag vert skisserte. Det blir ein ny dag i Tverrdalen, og så tek vi Anestølsfjellet på dag tre.

Dagen startar med at vi ser snø ned til om lag 900 meter. Det blir nok endå sleipare å gå somme stader. Men på den positive sida inneber det at sauer som står høgt, kan trekkje ned under snøgrensa. Då vert det kortare turar for dei tobeinte òg.

Jostein går fyrst oppover stien. Han har hatt anna arbeid på kontor i Sogndal i periodar. Så kom nokre år med prisvekst på lammekjøt, og ei utviding av fjøs og buskap vart planlagd. Men så var det fleire som tenkte det same, det vart overproduksjon av lam, og prisane sokk. Ein nabobonde med geiter, som var klar til å pensjonere seg, lurte på om Jostein var interessert. Så frå neste år vert Jostein heiltidsbonde.

Om sommaren går geitene rundt i fjellsidene over Anestølen mellom morgon- og kveldsmjølkinga. Somme tider går dei opp mot Vombi på stien Jostein og eg prøver å finne att. Geitene er viktige for å hindre at stiane gror att. Vel oppe på platået på Vombi har vi godt utsyn mot Anestølsfjellet, der vi skal sanke neste dag. Vi tel dyr og registrerer kvar dei held seg.

På hi sida av Tverrdalen har buføret gjeve rørande scener. Ein gjeldsau har ein broten framfot. Det går seint nedover stien, og sauen må stadig ta pausar. Då er det at tre andre gjeldsauer som har beita i lag med sauen, stoggar og ventar på den skadde. Ved Anestølen ventar ein bil med tilhengjar, og den skadde slepp å gå heile vegen til garden.

Oppstigninga til Anestølsfjellet er ikkje for kven som helst. Stien går mellom heimste og fremste sauegrov, og han går nærast rett opp. Sveitten kjem raskt. Vi er på dag tre, og det er ungdomen som tek ansvar. Det er to dalbotnar oppe på Anestølsfjellet, fremstebotnen og heimstebotnen. Går du opp frå heimstebotnen, kjem du fort til steinur og snaufjell. Vi ser høgste varden på Torstadnakken, 1565 meter over havet.

Inne i botnen er det skrint med vegetasjon. Er dette verkeleg noko å beite på? Sauer er rare dyr. Dei er sjeldan mange i lag. Norsk kvit sau har lite utvikla flokkinstinkt. Det er sau med eigne lam, og nokre gonger finn vi to sauer med lam som beiter. Kvar dei held seg, lærer søyelamma frå mor den fyrste sommaren. Så kjem dei attende neste år når dei sjølve har lam. På garden er det to tre verar som får føre gena vidare. For å få variasjon i genmaterialet vert det òg kjøpt dosar frå seminverar med gode genar.

Det er måndag. I morgon vert det veging og klargjering av lamma som skal til slakt. Onsdag kjem transporten.

Jostein likar ikkje kraftfôr. Eit lam som kjem rett frå fjellet, skal smake slik, ikkje manipulerast opp i vekt. Det er kort sesong i dalen. Det er sein vår og sein lemming. Dyra fekk i år sleppe ut 20. mai og på fjellbeite rundt 15. juni.

For å få full utteljing i avdråtten må lamma vere minst 40 kilo levande vekt. Norsk kvit sau veks raskt nok til at det er mogleg. Dei vinterfôra sauene får grovfôr frå rundballar. Men kanskje vert siloen teken i bruk att. Det blir mykje plastboss av ballane. I tillegg får sauene tørrhøy. Jostein gjev dei kraftfôr om hausten, når det er tid for paring, og om våren, rett før og rett etter lemming.

I fremstebotnen har Sigbjørn og Tove funne elleve dyr. Jostein og eg har byrja å jage på ti i heimstebotnen. Alle skal dei ned på den smale stien som i fyrstninga går som ei trakt frå kanten på fjellplatået. Sauene held god fart ned stien, men jagarane slit med å halde følgje. Det er sleipt og bratt.

Då vi tek dei att, ser vi at seks av dyra er på veg i feil retning, under ein fjellhammar. Det blir ein kronglete snuoperasjon, men så er vi på sporet att. Vi er letta og glade då folk og fe er nede mellom stølsfjøsane på Anestølen. Arne og Magne passar på at buføret tek retning mot garden. Dei har samla tolv dyr ved Anestølen.

Etter middag køyrer eg heim att til Førde. Om to dagar følgjer lamma etter, eit kort liv med endestasjon på slakteriet på Reset.

Nokre dagar seinare får eg melding frå Jostein. Han er godt nøgd med dei dyra vi har sanka. Men enno manglar det nokre. Det vert alltid ettersanking for bonden. Eit par er truleg daude av sjukdom. Gjennomsnittsslaktevekt så langt er 21,4 kilo. Det har vore ein auke på om lag 2 kilo dei siste 20 åra. Det var nokre lam som måtte feitast opp litt på innmarksbeite og raps. Eit par heldige verar får føre genane sine vidare til neste års kull.

Eg legg telefonen i lomma. På veg inn i butikken ser eg eit skilt som reklamerer med årets lammekjøt til 49 kroner per kilo. Her får kundane meir enn dei betaler for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Hendene skjelv,
adrenalinet har teke over for fornufta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis