Av dialekt er du komen
Vennesla: I norsk målsoge syner dialekt og songtekst ein lagnadsfellesskap frå 1600 til i dag, med Ivar Aasen som limet. Venndølane har vakta språkgrensa si heilt sidan han vitja bygda.
havard@dagogtid.no
Ein fredag i november for 175 år sidan drog ein ung sunnmøring gjennom Vennesla i Vest-Agder, på veg til Setesdalen frå Kristiansand. I dagboka skreiv han at han «sætte mit Tøi efter i Byen, for at Reisen kunde gaae saa meget lettere og uden Hindring paa Skydsskifterne». Var det ikkje skyss, gjekk han. Fem dagar tok det «paa den nylig anlagte Vei» til Setesdalen. Dagar vart til timar med Setesdalsbanen femti år seinare. Han kom til eit lukka land.
I førti år drog han kring i Noreg. I Aasen-bibliografien (2018) har Ottar Grepstad finrekna: «Ivar Aasen reiste 28.350 km. Om lag.» Som Lindesnes–Nordkapp ti gonger, til fots, med båt og kjerre. Set i gang. Frå 1854 tok han tog òg. Han noterte etter å ha gått nær tre mil frå Oppaker til jarnbanestasjonen på Kløfta: «Derfra med eimskjot til Oslo.» Dampskyss, eimskjot, var namnet han gav toget. Året etter freista Aasmund Olavsson Vinje med jarnhesten.
Aasen var aldri utanlands, men reiste nær 3000 mil. Kvifor? Ikkje av di han likte reising. Han tykte betre om å lesa. Ikkje av di han likte å møta framande. Hjå dei vart han gjerne inneslutta og tungsindig, medan lått, songar og soger sat laust i lag med kjende.
Ikkje av di han vekte eldhug der han fór. At han var ein krakje, eit ord han fann på vegen og nytta om seg sjølv – «en Stakkel, med Hensyn til Kræfter, en liden, spedlemmet Karl, som ikke har nogen Styrke eller som ikke taaler tungt Arbeide» –?gjorde ferda vanskeleg, men òg mogeleg. Heime i Ørsta fekk fattigguten med det gode hovudet driva bokstudium i staden for kroppsarbeid. I Hamlet, som han omsette utdrag frå alt i 1850-åra, heiter det: «I veike kroppar verkar tankar sterkast.»
Ikkje av di han vekte vørdnad. Mange han møtte, skjøna ikkje planen han alt som 22-åring formulerte som eit livsverk: å samla inn, analysera og systematisera som ein vitskapsmann.
Samla kva då? Planter? Eventyr? Nei, dialektar.
Kvifor? For å laga eit språk å skriva, syngja og dikta på. I nabolanda hadde skriftnormer langsamt funne form på dei 300 åra sidan prentekunsten og bibelomsetjingane. I Noreg fanst ikkje skriftspråk, korkje norrønt eller mellomnorsk, bokmål eller nynorsk.
Men dialektane fanst. Munnleg, sjølvsagt, men òg litt skriftleg, for det meste i songtekstar. Ikkje i folkeviser og balladar, for dei var enno ikkje samla inn og skrivne ned, men i lokale viser og dikt på dialekt, eksperimentelle freistnader på litteratur i eit land som vart kolonisert så djupt at skriftspråket gjekk tapt.
Venndølsk
Dialektferda byrjar i Vennesla der mor mi kjem frå, slik Ivar Aasen byrja i Ørsta der mor hans kom frå (ho døydde då han var tre år). Målet for ei dialektferd er morsmålet.
Der møter eg songpoeten Erlend Ropstad. Dialektferda hans har gått frå engelsk via kristiansandsk til venndølsk, samstundes som han musikalsk, med songar og spellemannprisnominasjonar, har gått frå vise til rock. Seks gonger har han vore nominert, to av dei i klassen for songtekst. I februar kom albumet Brenn siste brevet. I august fyller han og orkesteret hans hovudscenen på Øya i Oslo. I kveld spelar han åleine i Risør.
Han kom til verda i Vennesla 130 år etter at Ivar Aasen var der fyrste gongen, og båe kom attende fleire gonger, med jamne mellomrom og med same mål: å finna ord som kling djupt i bringa og soga. Kjæme er eit slikt ord, og det kjæme me til. Ropstad fortel:
– Etter to album på engelsk måtte eg i 2011 finna språket mitt. Men det fanst ikkje. Eg måtte skapa det. Eg drog heim, mentalt, for å henta fram minne og soger.
Då var han 37 år. Kvifor vart vegen til morsmålet så lang for ein sørlandsk songpoet?
– Referansane mine var engelskspråkleg musikk. Norsk sat langt inne av di eg då måtte skriva på dialekt.
– Kvifor engelsk eller dialekt, og ikkje nynorsk eller bokmål?
– Eg høyrer til ein tradisjon der me vil verta oppfatta som autentiske – at me kjem frå ein stad og syng om livet vårt. Ein artist som vil vera autentisk på til dømes riksmål, tek ingen på alvor. Det einaste unnataket eg kjem på, er DumDumBoys, trøndarane som song på Oslo-mål.
– Men då du dialektdebuterte i 2013 var jo dialekt heilt vanleg i songtekstar?
– Ikkje sørlandsk. Eg måtte finna det opp på nytt. Det hadde ingen gjort sidan Vilhelm Krag. Eg likte Bøksle-brørne, men dei nytta ikkje originalmateriale.
Gløymt er Øyvind Smestad (1918–2011), som med «Visa til Gorine» og «Æ ser dæ på Markens» truleg var den fyrste som skreiv viser på kristiansandsk. Gløymt er (film)skodespelaren Aagot Didriksen (1874–1968; Over Ævne på Nationaltheatret i 1899; Den store barnedåpen med Tancred Ibsen i 1931), som skreiv prosalyrikk på kav kristiansandsk i Nå sola e’ gåen (1964).
–?Dialektbylgja i vise og rock frå 1970-åra omfatta nordnorsk og trøndsk, rogalandsk og bergensk. Kvifor ikkje sørlandsk?
– Eg vil ikkje generalisera sørlandske kulturtrekk. Trønderane er òg trege. Men dei har ei verdsmeisterinnstilling. Det har ikkje me. Me vantar unntaket. Sørlandet vanta ein Jack Berntsen. Eg voks opp med frykta for å verta til lått. Ingen song på sørlandsk. Me vanta outsideren. Her drog outsideren til sjøs.
Truga eller trugande?
Kva er stoda for dei norske dialektane i dag? Er dei truga av regionalisering? Vert dei vatna ut av påverknad frå næraste storby? Står me midt i ei dialektnormering der målføra vert meir sams? Dykken, eit venndølsk markørord, er på veg ut. I «Begå Ænesen», ein songtekst eg skreiv på eydehavnsk i 1996, nytta i norskundervisinga i Aust-Agder, rimar hoses/hosis (hennar) på Moses og eggedosis, men ikkje no lenger. Eigedomspronomenet vert utrydda as we speak.
Leitt? Ikkje naudsynleg, ifølgje språkforskaren Tor Erik Jenstad i firebindsverket Norsk språkhistorie (2017–18): «Tapping av ordforrådet kan til og med vere ein føresetnad for dialekttoleransen i vår tid, sidan det er lettare å tolerere variasjonen di mindre han er. Dialekten som system overlever utan dei tradisjonelle orda, eller med redusert bruk av dei.»
Eller er det motsett? Er tale- og skriftnorm truga av dialektane? Dei vert nytta som aldri før, i Dagsrevyen og finkulturen òg. På riksscenen for nynorsk, der pionerkvinna Hulda Garborg ikkje ynskte eit «Dialektteater, men eit Landsmaalsteater», pregar dialekt stadig fleire oppsetjingar, nett som på «riksmålscenen» Nationaltheatret, vakta av dansknorske diktarar, der ei Ibsen-hovudrolle vert kav stavangersk.
Slikt såg dei ikkje koma, målfolka som på Det norske Teatret i 1948 høyrde Ibsen på nynorsk i Henrik Rytters attdikting. Riksmålfolk raste. Landsmålfolk jubla. I ei Peer Gynt-pause skal to bunadskledde ha omfamna kvarandre: «Endeleg er han vår!» No er visst målstriden gravlagd. Av dialekt er du komen. Til dialekt skal du bli.
Teaterspråk er språkpolitikk. På scenen får dikting munn og mæle. Teateret var utgangspunkt då hovudstadsintelligentsiaen i 1830-åra byrja å ta spørsmålet om norsk språk på alvor, i ein debatt den unge Aasen følgde tett. Det handla om uttale. Tekstane var danske og skodespelarane norske. Danna kristianiamål var ikkje så danna som danna københavnmål. Sjø i staden for sø? For somme var sjø like vulgært som Sjærleikens ferjereiser no. Laut ein godta norskfarga uttale?
Skriftleg dialekt
Det stogga ikkje der – med målføre i det munnlege. I dag nyttar unge dialekten skriftleg –?i sosiale medium, songtekstar og reklametekstar. Ein dag eg stod utanfor ein av Oslo-bustadene til Ivar Aasen, passerte ein trikk med reklamen «Håber det smager», god helsing Sørlandschips AS i Mjåvannsvegen vest for Kristiansand, ein stad Aasen passerte nokre dagar før Vennesla, på veg frå Mandal.
I 1970-åra sprakk det opp. Bokmålsfolk byrja å lura på om det var rett å avdialektifisera teaterhøgskulestudentar. Mållaget oppmoda oss gymnasiastar: «Snakk dialekt, skriv nynorsk!» På ein mannsalder har me gått frå «Snakk norm, skriv norm» via «Snakk dialekt, skriv norm» til «Snakk dialekt, skriv dialekt».
Men korleis byrja den skriftlege dialektbruken som unge driv med i dag? Sett bort frå ein og annan eksperimenterande og famlande dialektdiktar i dansketida –?kven tok målføra frå munn til penn? Ivar Aasen.
Men gjorde han ikkje det som internasjonalt akta dialektolog, gjennom ei vitskapleg systematisering og standardisering av målføra – difor den førtiårige ferda –?medan dei unge i dag skriv i hytt og vêr på kvar sin dialekt, utan noka norm? Jau, men slik Aasen normerte dialektane i si tid, gjer dei unge det i dag, på sitt vis. Dialektane vert meir eins. Særpreg forsvinn.
Tekst og melodi
Korleis? Kva er hovudelementa i eit målføre? Tekst, setningsstruktur og ordtilfang. Nektingsordet itte peikar – i motsetnad til ikke, itj og ikkje – mot Hedmark. Minst like viktig for attkjenninga er det språkvitarar kallar tonekurve eller intonasjon, men som songpoetar helst kallar melodien.
At dialekt er tekst og melodi, lærer me av poetane, til dømes av Aasen, som song godt, og som i 1842, 29 år gamal, gav ut ei samling songtekstar på dialekt, ofte nemnt som debutboka hans, Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog. Omgrepsparet tekst og melodi vil mange kjenna att. Lennon/McCartney. Det plar stå under tittelen på ein songtekst: «Nordmannen (Millom bakkar og berg)». Tekst og melodi: Ivar Aasen og Ludvig M. Lindeman.
Tekst og melodi har dialektar og songar sams. Men det er meir. I norsk soge er det som om dialektane og songtekstane har gått inn i ein langvarig lagnadsfellesskap. Høyr berre: I alle freistnader på å laga grammatikk og ordbok for det tapte skriftspråket, frå 1600-talet til Aasen, finn ein songtekstar. Av di songtekstane hadde overlevd, munnleg eller skriftleg. Memoreringsmarkørane i ein songtekst – som rim, metrum og melodi –?gjer han lett å hugsa.
Når mykje av teksten er gløymt, hugsar me framleis melodien, om ikkje anna enn som noko å nynna. Når du høyrer einkvan i radio eller fjernsyn snakka på syngjande og lett attkjenneleg dialekt, kan du verta overraska over kor lite av dialekten som er att dersom du tek vekk melodien og sit att med teksten.
Dialektmat
Før scenesamtalen i Venneslas prislønte bibliotek vart Ropstad og eg spurde om rider. Mat? Kompe. Frå Kompekjelleren i nabolaget kom to spann. Kompe vart det òg då samtalen heldt fram i hovudstaden, der innvandrarar frå sørvestlandet et kompe, komle, klubb, raspeball, ball – kjær mat har mange namn – på Galgen, på Kaffistova, på Schrøder, kvar torsdag, slik skikken er på heimstaden òg. Men kvifor berre torsdagar? Ropstad resonnerer:
– Draumen er å opna ein stad i Oslo, Kompa Bar. Kva for drikke høver til? Under ei albumlansering freista eg med «Kompe og Cava». Sett bort frå bokstavrimet var det mislukka. Nei, Hunsfos Bryggeri lyt laga eit eige kompeøl.
Om det var torsdagar, veit ein ikkje, men sunnmøringen Ivar Aasen vitja vener i hovudstaden for å eta dialektmat. Han skriv at han «har opsøgt et Par Søndmørs Folk i Vaterland (i dag området kring Oslo Spektrum), nemlig Hr. Andersen fra Stranden og hans Kone; jeg har været hos dem og ædet Søndmørs Ball og Dravle». På eit noregskart overlappar kompelandet det geografiske området til dialektgruppa vestnorsk. Før Vilhelm Krag dikta landsdelsnamnet Sørlandet, høyrde Agder òg til Vestlandet.
Kva har mat og dialekt sams, lokalkost og lokalmål? Båe delar ligg i munnen. Båe vekkjer dei tidlegaste minne. Gryta hennar mor. Målet hennar mor. Mor sin song ved vogga. Matmor. Tryggleik. Røter.
Nasjonalbiblioteket
Hovudstaden er god å ha. Der budde Aasen lengst, slik han var meir i Kristiansand enn i Setesdalen – trass i verdien på målet. I Henrik Ibsens gate ligg Nasjonalbiblioteket, som vert med på ferda. For eit hus! Kartavdelinga kjem med noregskart frå Aasens tid. Språkbanken byd på verktøy som lagar grafar over den historiske frekvensen av ord han fann attmed vegen. Huset er forlag for eit nytt firebindsverk om dei norske mellomalderballadane. Dei lagar arrangement om skillingsvisene. Med på dialektferda vert Liv Kreken, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket med ansvar for vise- og songtradisjon. I Visearkivet syner ho meg materiale som ikkje er gjeve ut, til dømes bygdesongar frå heile landet, alfabetisert etter stadnamnet. Sjølvmedvetne Vennesla er sjølvsagt godt representert, med «Fredfullt og lunt», «I ly av skog og heier», «Vi kommer ifra bygda» og på dialekt: «Vennesla heran!» Kreken fortel:
– Samarbeidet med Dag og Tid vert for oss både formidling og forsking, eit fint høve til å henta inn ny kunnskap om språk i dagens songtekstar. Dessutan vil arbeidet til songtekstforfattarane, sett i ljos av både dei sjølve og røynde språkforskarar, vera eit fint supplement til arbeidet som Nasjonalbiblioteket har lagt ned i forskinga si på bygdesongar, mellomalderballadar, skillingstrykk og tekstar i 1900-talsvisebylgja.
Frå gråstein til gull
Henrik Wergeland gav ut ei samling dialektviser, Langeleiken, samstundes som Aasen la ut på dialektferda si, i 1842. Den kristiansandfødde diktaren var ikkje så glad i nemninga dialekt – han smakte meir av vitskap enn poesi. Kan henda likte han målføre betre.
Langeleiken skreiv han på eit mål han kalla «Dølemaal». Døl kjem av dal –?ein gudbrandsdøl kjem frå Gudbrandsdalen – dalane som istida grov i Skandinavia. I dalføre høyrer du breen skura mot fjellsida, på vegen frå vasskiljet til kysten. Dei djupe dalane, somme av dei avstengde som Setesdalen, har hatt sitt å seia for dialektutviklinga. Kvart dalføre sitt målføre.
Men kvifor skreiv ikkje Wergeland på kristiansandsk, der han budde til han var ni år? Av di han som embetsmannsson tidleg lærte å snakka pent og var dialektlaus? Eller av di han som Aasen meinte at målet i dalane var meir opphavleg enn målet langs kysten? I så høve var Wergeland, som «et foranskutt lyn», ein del av det tidlege skiftet i synet på norske dialektar, eit skifte som gav kristiansandsk lågare status enn dølsk.
Kva for skifte? Kva endra rangordninga mellom innlands- og kystdialektane kring 1800? Ikkje for alle, men for Aasen, for Wergeland. Dette er viktig.
Før skiftet: Di nærare dialekten låg skriftspråket, di meir intakt vart han rekna som. Dansk skriftnorm var rettesnora. Di meir ein dialekt veik av frå norma, di meir øydelagd og forvanska tenkte ein at han var. Norsk fjell- og dølemål var slik sett å rekna som apeljodar.
Kva snudde synet? Tampen brenn. På Aasens veg frå Kristiansand til Vennesla minnest eg då biletkunstnaren Kjell Nupen (1955–2014) – sjølv ein dialektmålar med sørlandske fyr i Nupen-blått – forklarte meg korleis synet på den sørlandske skjergarden endra seg, Blindleia til dømes, frå ein liv- og verdilaus steinhaug i vassoverflata til dei dyraste tomteprisane i landet. Ein som medverka til endringa, av di han såg verdien og makta å syna han, var Nupen-kollega Amaldus Nielsen (1838–1932) frå Mandal, kjend for «Morgen ved Ny-Hellesund» (1885).
Synet på dialektane byrja å endra seg den gongen (les: 1774) somme (les: 30-åringen Marcus Schnabel) såg: Dei var ikkje øydelagt dansk, men restar av norrønt.
Det kjem an på auga som ser og øyra som høyrer. Etter Schnabel (meir om han ei anna veke) vart det motsett: Dei skriftnormnære dialektane var no dei mest forvanska. Dei minst danskpåverka dialektane var no dei mest ekte og opphavlege.
Som i eit Amaldus Nielsen-måleri vart verdien av fjell- og dølemål endra frå gråstein til gull.
Mellom dansk og setesdalsk
Då Ivar Aasen om morgonen fredag 22. november 1844 forlét Kristiansand og rommet sitt hjå Madame Martinsen (frå 1858 budde han på Ernst, artisthotellet under Quartfestivalane) med kurs for Setesdalen, med Skyds, truleg på ei hestekjerre, og nærma seg Vennesla, kryssa han Otra, kan henda ved Kvarsteinbrua, som i dialektforstand «er ei av dei skarpaste grensene i landet», ifølgje språkforskaren Martin Skjekkeland. «På Mosby snakkar dei kristiansandsdialekt. På den andre sida av Kvarsteinbrua snakkar dei vennesladialekt.»
Sjølv har eg slekt på båe sider av brua, og dei snakkar ikkje likt. Venndølsk utgjer eit språkleg grenseområde, ein overgang mellom to av dei største ytterpunkta i det norske dialektriket, den danskprega kristiansandsdialekten og det verna setesdalsmålet. Dialekten ser i stor grad ut til å ha motsett seg regionaliseringa, påverknaden frå næraste større by, Kristiansand, som ligg berre eit par mil unna.
Kvifor? Vennesla er sjølv ein stor stad, den tredje største tettstaden i landet utan bystatus. Skepsisen til Kristiansand sit djupt. Knoting kallast bynsk. Venndølane har synt stort medvit om mat- og måltradisjonar. Vennesla Dialekt- og Mållag er det offisielle namnet på mållaget i den språknøytrale kommunen, der rådmannen for få år sidan oppmoda dei tilsette om å nytta meir nynorsk i saksdokument og brev.
Frå by til bygd
Så kvifor vart målet og landsdelen ståande utanfor den eine musikalske dialektbylgja etter den andre? Vegen frå vise til rock vanskeleggjorde Ropstads litterære veg frå engelsk til sørlandsk. Han fortel:
– Heile dialekten er sausa inn i at me har det så greitt og koseleg. Sørlandsk er ein kosedialekt, frå Vilhelm Krag via Julius Hougen til parodiane i Lillelørdag. Protest og opprør, rock og aggresjon på sørlandsk? Låtteleg. Korleis opponera mot noko som er veldig greitt?
– Du fekk det til, om lag samstundes med Honningbarna frå Kristiansand. Men endå var du ikkje heilt heime? Venneslasken, venneslamålet, kjæme fyrst på albumet du gjev ut i år? Kvifor?
– Dialekten min var herpa. Eg vart påverka av kristiansandsk.
–?Du vart regionalisert?
–?Mest heime. Foreldra mine kjem frå byen. Som vaksen måtte eg finna attende til nokre røter. I den identitetsrunden fann eg attende til dialekten min. Eg tenkte: Det må gå an å skriva på venndølsk utan at det vert kleint. Kleint vart det i byrjinga, men etter kvart fann eg attende til målet samstundes som eg fann han eg hadde vore då eg voks opp i Vennesla. Eg hadde han jo inne, veit du, den drivande Vennesla-dialekten som likner møe meir på setesdølsk, med ikkje og kjæme og bjønne (byrja), det er møe meir innland, og nå som e hæ bjønt, greier eg ikkje å slutte. Kvar gong eg treffer venndøler eller pratar med dei på telefonen, byrjar jo eg med ein gong, og viss eg spelar ein konsert i Vennesla, vert det automatisk til at eg pratar på brei venndølsk mellom songane, og då smittar det gjerne over så eg syng breiare òg. Eg tenkte ikkje på det før eg oppdaga at ord ikkje lenger rima. Så venndølske songtekstar har vore undervegs lenge. Men det er fyrst med Brenn siste brevet at eg tek med så møe av målet.
Einsam vandrar
Eg vert glad i Aasen når eg les kva han skriv frå ferda si, i Reise-Erindringer. Skilnaden på dansk og nynorsk syner seg: Reiseerindringer vert – slik eleven Aasmund Olavsson Vinje nytta ordet – Ferdaminne. Sproghistorie vert målsoge. Om minna var meinte for prenting (dei kom ut posthumt), veit ingen, men han skriv med frimod: «Paa Grund af mit Hang til Tungsindighed og stille Betragtninger har man strax troet at jeg var ’en Læser’.» Frå kjære byar braut han opp «i en dyb Tungsindighed saaledes som altid, naar jeg har maattet ud fra Venner og Bekjendte til vildfremmede Folk».
I staden for interessante samtalar med «Student E. Sundt», den fire år yngre samfunnsforskaren Eilert Sundt frå Farsund, må han ut på vegen mot Setesdalen. Men for den einsame vandraren og vitskapsmannen er heller ikkje ein i sørlandsk samanheng stor kystby som Mandal nokon garanti mot dumskap: «Medens jeg gik omkring i Gaderne for at besee Byen, havde jeg allesteds den Opbyggelse at see Folk, som gloede og gabede efter mig med en fornærmelig Hvisken og Latter.»
At ein slik kar er så glad i språket at han vel å fara mellom framande i førti år – eg bukkar.
Framhald
«Trommeslagaren min er frå Ørsta og markerer Aasens fødselsdag kvart år.»
Erlend Ropstad
Landet vart kolonisert så djupt at skriftspråket gjekk tapt.
Kven tok målføra frå munn til penn?
Dialektferda. Del 1
NY SERIE. Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket kjem med ein serie reportasjar og arrangement
om dialektane før og no, i fotefara til diktar og vitskapsmann Ivar Aasen. Del 1: Vennesla.