Reportasje
Bortanfor president, pave og Miss World
Roxas, Mindoro: Ute i distrikta er det ikkje naud som i storbyane, men trufaste arbeidsfolk lever fattigsleg frå hand til munn, på jordgolv, utan innlagt vatn.
Eldstedottera bur saman med mann og tre born i ei hytte på pålar i eit våtmarksområde nær kysten. Dei har straum, men ikkje innlagt vatn.
Alle foto: Håvard Rem
Utanfor soverommet gjel hanen. Morgonljoset som trengjer gjennom ytterveggen av tynne bambusspilar, vert reflektert i bylgjeblekktaket. Eg reiser meg i senga og set føtene på jordgolvet. I kjøkenet kokar Daniel kaffi over bålet i grua, der han i går kveld grilla fisk, som me sat i campingstolar og åt, rett på eit golv som på utsida vert til gardsplass. Av di heimen ikkje har innlagt vatn, er vesleskuret i myrkanten utedo for dei tre større skura kring tunet der storfamilien bur, med ein kyrkjegard som granne på hi side av myra. Kyrkjegarden er landemerke og har difor vorte adressa deira.
Det er gjerne Jamaica, kona til Daniel, som har rydda kjøkenet og gjort reint i grua etter den seine middagen, men ho er alt av stad for å vaska på barneskulen før elevane kjem. Daniel skal òg på jobb. Han er vegarbeidar i kommunen.
Ved strauminntaket over inngangsdøra, eit forheng, heng ein lapp med eit stempel som syner at rekninga frå elverket er betalt. Så straum har dei, ikkje til kvitevarer, som dei ikkje har, men til ei ljospære i kvart rom, og til lading av mobiltelefonane. I ei global kartlegging av medievanar svara eit fåtal av filippinarane at dei var på internett. Forskarane bak undersøkinga undra seg stort, heilt til dei såg at 97 prosent kryssa av for at dei var på Facebook – ein himmel der alt er gratis, der rik og fattig deler det meste.
Bluessongaren
Me er på øya Mindoro, oval som ein 15 mil lang rugbyball, med flatemål som Aust-Agder fylke og tolv gonger så mange menneske, med namn etter spanjolane: Mina de Oro, Gullgruva. Ho ligg rett sør for Luzon, den største filippinske øya, og hovudstaden Manila. Fiske og jordbruk er dei viktigaste næringane, byane er små, og turisme finst stort sett berre kring strendene i Puerto Galera på nordspissen av øya. Trua er katolsk, etter at kristne frå nord og muslimar frå sør kriga om øya i hundreår.
Eg trefte Daniel i ein humpete minibuss frå San Jose, der han hadde vitja ei dotter, og då han skjøna at eg òg var på veg til Roxas, inviterte han meg heim. Dei hadde eit ledig rom, for ei anna dotter jobba no i Puerto Galera, og barnet hennar, Princess Jasmine, hadde flytta inn i naboskuret til Daniels yngstedotter og barna hennar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.