Reportasje
Dialektar i djupet
Kvifor såg Ivar Aasen på nordnorsk mål som mindre verdt enn vestlandsk? Det kom ikkje av nasjonalromantisk innlandsfavorisering, men av manglande kunnskap om norrøne dialektar.
Fire nordlandske songpoetar i måltreet. Frå venstre: Elias Blix frå Gildeskål, Kari Bremnes frå Svolvær, Jack Berntsen frå Kjøpsvik og Ann-Iren Hansen frå Stø. I båten: Ivar Aasen frå Ørsta, som kom til Nord-Noreg fyrste gongen i 1846, 32 år gamal.
Lytt til artikkelen:
Når me no fer nordover, er det ei ferd i notid og fortid. Me fylgjer språkreisa til visesongaren og vesterålingen Ann-Iren Hansen og den nordlegaste dialektinnsamlingsreisa til Ivar Aasen.
I rapporten han skreiv til oppdragsgjevaren etter den fyrste ferda i 1846, kan «de nordenfjeldske Sprogarter regnes til de slettere og mere forvanskede». Han sette innlandsmål over kystmål, vestlandsk over nordnorsk.
Kvifor? Spørsmålet er spanande, ikkje berre for språkhistorikarane, men for lagnaden til nynorsken. Språket vert i dag mest nytta i område med dialektar han sette høgt,?tyder tala på, 173 år seinare, og minst nytta i område med dialektar han rekna som «slettere og mere forvanskede».
«De syv Søstre er skrækkelig»
Tenkte han slik av di han var ein nasjonalromantikar som sette bonden, kyrne og innlandet over fiskar(bond)en, torsken og kysten? Dette er eit førebels inntrykk ein kan få av dei fyrste dagboksnotata om møtet med nordnorsk natur: «Bredderne af Vefsenfjorden ere hæslige og for en stor Deel ubestigelige. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.