Reportasje

Endeleg mat for pressa

Fine dagar med sol har gjort druene godt. Vi er i gang med innhaustinga, men byrja vi for seint? Det er meldt lågtrykk framover. Og ein del druer har fått lilla farge.

Ein internasjonal gjeng på toppen av Enkircher Ellergrub.
Ein internasjonal gjeng på toppen av Enkircher Ellergrub.
Publisert

Måndag 23. september kjem det fleire folk til gards. Frå Russland kjem ein mann i tjueåra som er busett i Estland. Han er ein frivillig, gjennom organisasjonen World Wide Opportunities on Organic Farms. Frå nord i Tyskland kjem Josefine, ho òg er frå organisasjonen. Saman med Konstantin køyrer russaren Mikhail og eg av garde for å undersøke korleis det står til med mogninga. I nabobyen Enkirch, seks kilometer nedstraums, er vi innom gardsparsellane i vinmarkene Steffensberg og Zeppwingert. Vi har med oss ein liten Ziploc-pose kvar. Vi går gjennom heile vinmarka og plukkar med oss druer – litt frå toppen, litt frå midten og litt frå botnen. Vi tek druer frå både den austvende og den vestvende sida av radene. Både små og større druer, nokre grøne og nokre gule. 100 druer plukkar vi med oss, som eit gjennomsnitt av det som finst på kvar vinmark.

Tilbake på garden vert posen med testdruene krysta, så safta siv ut. Så heller vi all mosten på eit glas. Neste dag har det danna seg sediment, og over dette er det klar most. Den treng vi for å kunne måle syrenivået. Men alt no kan vi sjekke sukkerinnhaldet. I Tyskland måler dei det på ein oechsle-skala. Det kan nyttast ulike instrument, men det enklaste er eit refraktometer. Eg får prøve og tek ein drope av mosten på ei skråstilt glasflate, legg på eit lok og kikkar inn i refraktometeret. Mosten frå Zeppwingert måler 85 oechsle, og det er passe. Druene frå denne vinmarka er øyremerkte til husets sekt, som er det tyskarane kallar musserande vin. Då ønskjer Konstantin seg druer som har godt med syre, og som kan gje ein ferdig vin med maks 12 prosent alkohol. Sidan basevinen skal gjære ein gong til inne i flaska, vil det gje litt ekstra alkoholstyrke.

Testresultata viser at mogninga er på god veg. Det blir difor bestemt å tjuvstarte innhaustinga. Torsdag 26. september er oppstart. Om morgonen møter eg opp på garden i arbeidsklede og med ferdigsmurd niste. Ioan har køyrt i førevegen med traktor og hengar. Vi skal hauste rieslingdruer i ein parsell i Steffensberg som ikkje tilhøyrer garden. Alexandra og Konstantin har ein avtale med ein bonde som driv økologisk. Dei betaler for så mange liter most som druene gjev. Steffensberg er ei stor sørvend vinmark, 70 hektar totalt, og «alle» i området har ein del av henne.

Druene herfrå skal gå inn i husets basisvin. Dei plar lage 6000 liter av han i eit normalår. Vinen vert sett saman av druer frå fleire vinmarker. Sidan druene til denne vinen er noko av det fyrste som vert hausta, har dei litt høgre syreinnhald enn seinare i innhaustinga. Konstantin vel då å stoppe gjæringa når det er om lag 10–15 gram restsukker att i vinen. Det gjer at vinen ikkje vert heilt tørr, men får ein balanserande søt snert. Frå hengaren på traktoren tek vi med oss ein plastkasse til å plukke i. Han tek om lag 10 kg druer.

Konstantin hentar nokre drueklasar av ulik kvalitet og viser resten av laget kva vi skal gjere. Dei solbrende, innskrumpa og harde druene må vi rive eller klippe vekk. Rekordvarmen i juli, med temperaturar over 40 grader, har redusert avlinga sterkt i år. Er nokre druer blitt lilla, vil det seie at dei er angripne av soppen botrytis. Dei kan vi bruke. Det finst middel som kan sprøytast på plantene for å unngå botrytis, men ikkje om ein driv økologisk. Soppen set seg på druer der det har kome ei rift i skalet. Det inneber at tette klasar der druene skvisar kvarandre, er utsette. Botrytis konsentrerer sukker og syre i druene, og om det er tørt og ikkje for varmt, vil druene til slutt sjå ut som rosiner. Er det varmt og fuktig, eller regn, vil soppen spreie seg for fort og utvikle uønskt roten smak.

Vi får utdelt kvar vår scherer, ei lita hagesaks som vi klipper laus drueklasane med. Parsellen har oppbinding av greinene på vaier, og druene heng om lag 100–130 cm over bakken. Det er ein del lauv, og det røskar vi vekk for å kome til klasane. Arbeidet er uvant, det tek ikkje lang tid før fingrane er klissete av sukker. Når kassen er full, ropar eg «Kiste, bitte!», og så sender Ioan ein tom kasse frå naborada. Kasse på kasse fulle med druer står nedover bakken. Før lunsj dreg vi ein slede ned til enden av rada. Traktoren har vinsj, og kroken vert festa i sleden. Etter kvart som sleden vert dregen opp bakken, løftar vi på kassane med druer. Det er ikkje særleg høgteknologisk, men det fungerer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement