Reportasje
Haugaljoden
HAUGESUND: Vesterhavsmusikk, vert han kalla, ljoden av Haugalandet, med impulsar frå andre nordsjøområde – ofte med ei kystopen haldning til alt som kjem over havet.
Kolbein Falkeid med Strandebarm-snekka si på bryggje- kanten utanfor bustaden i Smedasundet i Haugesund i 1990.
Foto: Håvard Rem
Det er sundag morgon, sol og blå himmel med kaffi på verandaen og utsyn over Smedasundet frå femte etasje i Maritim hotell. Det er tid for å taka farvel med Haugalandet. I morgon tek eg Haukeliekspressen over fjellet til Austlandet. Kan avskjeden handla om sild? Eg elskar sild til frukost, og hotellet marknadsførar seg med best frukost i fylket.
God er han, med røykt skakkeaure frå Etne og røykelaks frå Espevær, men som farande sildefant veit eg at silda vert fasa ut av hotellfrukostane i Noreg, ho står urørt att medan gjestane står i baconkø, og no er frukostsalsilda borte i sildabyen òg, der ein sit og et med utsyn mot sildeeksportverksemdene på hi sida av sundet.
Sildajazz er vel og bra, men når eg kjem att til Haugesund, vil eg ha etesild.
Musikken og lyrikken
Så avskjeden handlar om noko som i tusen år har vore vel så viktig for Haugalandet, frå skaldane til Susanne Sundfør: Musikk og lyrikk har det handla om kvar gong eg har vitja Haugesund.
For 15 år sidan drog eg hit for å intervjua vikingmetallmusikarar om det norrøne innslaget i norsk svartmetall. For to år sidan kom eg til Den norske filmfestivalen for å sjå premieren på dokumentarfilmen om Rogaland-songpoeten Tønes. Ja, kva har ein ikkje vore med på – i salen og på scenen under Silk-festivalen i Skudenes og Blest Litteraturfest i Tysvær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.