Reportasje

Livet bak bikkja

Elgbikkjer er betre enn ryktet sitt. Danmark er det motsette.

Eg slepper Siri ved Flåttjørn.
Eg slepper Siri ved Flåttjørn.
Publisert Sist oppdatert

Eg står lent mot ei bjørk med fingeren på avtrekkaren. Det smell. Det smell igjen. Og det smell ein tredje gong. Samstundes ser eg noko oransje i augekroken. Det er skogmannen Håkon, som har drive aust for meg. Eg håpte han var ein elg.

– Eg har skote eit dyr. Eg trur det ligg rett nedi her. Moglegvis ein liten okse.

Som vanleg har ein fetter skote dyr rett ved meg. Denne gongen Sigurd, som driv med utrekningar på norske oljeleidningar i Brasil.

Saman med Håkon krabbar eg opp den bratte eikelia. Der ligg det ein liten stut med såkalla sykkelstyre, eit lite gevir med to takkar. Far min, dyrlegen, analyserer tennene og slår fast det alle håpar på. Seks tenner, ein halvtannaåring, som går på kvoten for ungdyr. Altså har me framleis stuten igjen. Me drøymer alle om stuten. Ein stor elgokse med enormt gevir, helst 15–20 takkar, som me kan stoppe ut og henge over senga på soverommet.

Verda går brått framover. Også inst i Straumeskogen. Da ein yngre fetter, Stian, skaut ein stor stut på denne bratte eikekollen for berre to år sidan, var det ein kamp å få stuten ned. Opp hit kom ingen traktorar, og me måtte gjere det på gamlemåten. Kappe av hovudet og finne fram taua. Menn mot daudt dyr, og HMS i lågsetet. Eitt av taua rauk, og eg slo baklengs kråke nedover lia. Men me kom heilskinna ned, og elgen kom halvskinna ned.

I fjor fekk to på jaktlaget seg ATV, og motoriserte sekshjulingar gjer ting enklare. Opp lia med hengaren, dra inn dyret med vinsjen og køyre ned igjen. Slakting, blod og bålkos. Jakthøgtidas treeining.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement