Reportasje
Sorteringssamfunnet
Vi er halvvegs nede i bakken. Regnet sildrar nedover ryggen. Konstantin stoppar oss. Dette er tredje dagen i Taubenhaus, og vi er enno ikkje ferdige. 2019 ser dårleg ut.
Dei siste dagane har fargane endra seg i vinmarkene.
Det er tre faktorar som er avgjerande for vinkvaliteten: utstyr, folk og vêr. Ståltankar, eikefat, slangar og presse kan vere kjelde til ureine tonar i vinen om dei ikkje vert reingjorde på rett måte. Det finst mange typar presser, nokre er greie og andre svært gode. Men det finst òg metodar for å utnytte den pressa ein har, best mogleg. Her kjem røynsla og dugleiken til vinmakaren inn. Menneska som arbeider i vinmarka gjennom sesongen, om det er vinbonden sjølv eller ein tilsett, kan leggje til rette for kvaliteten som innhaustingslaget skal få i hus seinare på året. Ein god vingardsarbeidar kjenner vinstokkane og jorda og kan tilpasse oppbinding, reinskjering og gjødsling. I bratte vinmarker er det òg viktig å kunne arbeide med jorda på ein slik måte at ein unngår erosjon. Ugras må haldast i sjakk, elles vert det uråd å hauste druer.
Når vi er ute og haustar inn, legg eg merke til mange måtar å drive vinmarkene på. Nokre sprøytar med ugrasmiddel. Der er det heilt daudt under vinstokkane, og skiferen ligg naken. Andre att har eit villnis av ymse vekstar mellom radene, og det inneber at druene får stor konkurranse om næringsstoffa i jorda.
Det er kjekt å sjå at arbeidet med straumgjerdet bokstaveleg tala ber frukter. I Wolfer Sonnenlay har druene fått vere i fred etter at vi fekk opp gjerdet, medan han som eig druene i parsellen utanfor gjerdet, har mista mykje til villsvina. Gjengen som er med på innhaustinga hjå Weiser-Künstler, er fem betalte og sju frivillige, i tillegg til ekteparet sjølv. Ettersom dei har teke over meir vinmarksareal, har dei òg fått større behov for hjelp i innhaustinga. Dei tykkjer det fungerer greitt med ei gruppe frivillige.
Andre gjer det på sine eigne måtar. Ein kollega i Traben-Trarbach har åtte rumenarar, men sidan årets innhausting er så krevjande, arbeider dei elleve timar om dagen sju dagar i veka. Det leier oss til den tredje faktoren: vêret. Det kan vi ikkje gjere noko med. Men vêret kan gjere mykje med oss og ikkje minst druene.
Alt i juli kom dei fyrste problema. Steikjande sol og over 40 grader solbrende mange druer og drueklasar. Dette har redusert avlinga, men det gjer òg at innhaustinga tek lengre tid. For i ein drueklase kan det vere fem eller femten solbrende druer, medan resten er fine. Dei øydelagde druene må fjernast, for dei kan gje usmak til vinen. Og no er det lågtrykk og regn.
Vi fekk nokre fine dagar i byrjinga og klarte å få inn gode druer frå Sonnenlay på to dagar. I Trarbacher Schlossberg, ei vestvend vinmark på sørsida av elva, fekk vi òg alle druene inn på to dagar. Det var mykje sortering, og det tek på humøret og motivasjonen når det går seint. Vi har vore tre dagar i stupbratte Enkircher Ellergrub. Vi byrja nede ved vegen og har sidan hausta frå nokre av terrassane nærare toppen òg. Vi har fått inn 1000 liter til kabinett, som er ein lett vin med ein del restsukker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.