Restaurering

Når eit gamalt hus treng vøling, er dei fleste for å restaurere etter tradisjonelle framgangsmåtar. Er tanken å byggje noko heilt nytt, dukkar diskusjonen om kopiering eller nymotens byggjemåte opp.

Stølsgrenda Vettismorki i Årdal er restaurert med materialar frå ei sag bygd på staden, av gamle furetre frå skogen omkring. Det er vanskeleg å tenkje seg eit avvikande hus i eller nær denne samlinga, utan at det forstyrrar heilskapen og roa.
Stølsgrenda Vettismorki i Årdal er restaurert med materialar frå ei sag bygd på staden, av gamle furetre frå skogen omkring. Det er vanskeleg å tenkje seg eit avvikande hus i eller nær denne samlinga, utan at det forstyrrar heilskapen og roa.Stølsgrenda Vettismorki i Årdal er restaurert med materialar frå ei sag bygd på staden, av gamle furetre frå skogen omkring. Det er vanskeleg å tenkje seg eit avvikande hus i eller nær denne samlinga, utan at det forstyrrar heilskapen og roa.
Publisert

Frå arkitektane er omkvedet stort sett det same. Nye bygningar eller tilbygg må vere i moderne arkitektur, dei skal spegle tida vår. Å kopiere fortida er å fuske med historia, å vise fram noko som er usant. Debatten om nye kyrkjer i staden for den gamle som brann ned, har gått hardt nokre stader. Folket vil heller ha bygningar som er ein del av den lokale identiteten, ikkje det ukjende som arkitektane finn på. Det ser ut til at moderniteten overser dei emosjonelle bindingane som veks fram gjennom tid og skikkar. Dei vert verdiar folk vil ha. På Bryggen i Bergen er mange av fasadane ytre kopiar. Folk er nøgde, og det var godt nok til å komme på verdsarvlista.

Spreidd busetnad

Held vi oss til landsbygda, er husa som regel små og spreidde. Det avvikande vert lett dominerande. I eit gardstun eller ei stølsgrend handlar det ikkje berre om korleis det nye huset eller tilbygget isolert tek seg ut, men korleis samlinga av hus artar seg i landskapet dei står i. Arkitekt og professor Christian Norberg-Schulz hevda vi må ta utgangspunkt i ånda på staden, og å byggje nytt som høver til staden og ånda der. Dette kalla han tilpassingsarkitektur. Norberg-Schulz hevda at byggjeskikken i landet vårt har utvikla seg til eit forvirrande preg. I dette lange landet – med vekslande klima, terreng og tilgang på byggjematerialar – har folk reist husa sine på ulike måtar. Når dei kom fram til noko som viste seg å vere tenleg, vart det byggjeskikk. Av dei har vi mange variantar. Med unnatak for sveitserstilen og ein del urbane bygningar er det noko jordnært og enkelt over byggjeskikken vår.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement