Reportasje
Ro-ro til fiskeskjer
LERWICK: På avsides Shetland har dei ikkje våte draumar om undersjøisk tunell og bru. Dei er nøgde med fiber og ferjer – ro-ro-ferjer som vart til overs i Noreg.
Ferja kryssar Bressay-sundet på veg frå Maryfield på Bressay til hamna i Shetland-hovudstaden Lerwick. I staden for bru eller undersjøisk tunell er det ei ro-ro-ferje frå Noreg som syter for sambandet.
Alle foto: Håvard Rem
Ferda mi har nådd det siste av dei tre øyrika, Shetland, som ligg nær midtveges mellom Skottland og Noreg, 17 landmil frå Storbritannia og – på same breiddegrad – 23 frå Bergen.
Kulturelt, språkleg og historisk er det Shetland og Orknøyane som har mest sams, medan ytre Hebridane skil seg ut. Men på eit springande punkt er det Shetland som skil seg ut – øyriket ligg så langt til havs. Kommunikasjon og transport er avgjerande for den demografiske utviklinga. Småbarnsfamiliar og turistar vil helst koma seg fram i eigen bil. Ytre Hebridane og Orknøyane ligg så nær fastlandet at undersjøisk tunell vert diskutert. Shetlendingane veit at dei aldri vert landfaste med sivilisasjonen.
Fair Isle
I flyet frå Orknøyane augnar ein berre hav, sett bort frå midtveges. Fair Isle ligg åleine i sjøen som eit Shetland i miniatyr, mindre enn Utsira i flatemål, og med berre femti fastbuande, mot 400 i 1900.
Frå Fair Isle er det fire landmil til sørspissen av Shetland og lufthamna. Ved utgangen set eg meg i ein taxi.
– Er det di fyrste ferd til øyrika, spør sjåføren og fortel:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.