Kunnskap

Robot

Kyr ser ut til å trivast godt med å velje kva tid dei skal mjølkast.
Kyr ser ut til å trivast godt med å velje kva tid dei skal mjølkast.
Publisert

Å mjølke kyr har i tusenvis av år vore eit handarbeid med nærkontakt mellom dyr og menneske. No er det maskinene som overtek denne jobben, og i dag blir dei fleste kyrne i Noreg mjølka av ein robot.

Fjøstid

Utviklinga av teknologien for mjølking starta med den første vakuumdrivne mjølkemaskina i 1917. Først var mjølkemaskina kopla til eit metallspann som kunne berast frå ku til ku, etter det kom mjølketankar og røyrmjølkeanlegg før det enda med lausdriftsfjøs der gardbrukaren kunne stå oppreist i ei mjølkegrav og mjølke kyrne nedanfrå, medan dyra stod i kø og venta på tur. Men det har alltid vore kua og mjølkinga, kvar morgon og kvar kveld, som har styrt fjøstida og livet på garden.

På 1990-talet kom den store revolusjonen med nye robotanlegg, også kalla automatiske mjølkesystem (AMS). Den mest grunnleggjande endringa ved bruk av ein mjølkerobot er at både dyr og folk kan frigjere seg frå dei faste mjølketidene. Etter ei kort opplæringstid vil kyrne sjølv avgjere kva tid dei skal mjølkast, og landsgjennomsnittet ligg på om lag tre besøk til roboten om dagen.

Dei som mjølkar mest, kan vere oppe i både fire og fem vitjingar i mjølkestallen, det gjev mindre press på jurkjertlane og som regel meir mjølk i tanken. Sidan roboten tek av spenekoppane etter kvart som kjertlane blir tømde, slepp ein den skadelege tomgangsmjølkinga, og dermed har ein også redusert risikoen for speneskadar og jurbetennelse.

Å vaske jur og setje på mjølkemaskiner kan rett nok vere eit tidkrevjande og einsformig arbeid, men det har vist seg å vere ei krevjande oppgåve for maskinene å gjere dette godt nok på alle dyra utan å suge inn hår og skit. Kvaliteten på mjølka blir ikkje betre med bruk av robot. Statistikken frå rådgjevingstenesta til Tine viser at mjølk frå robotfjøs har meir bakteriar, meir frie feittsyrer og høgre innhald av vatn (høgre frysepunkt).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement