Kunst
Romansk ekstravaganse
LUCCA: Venleiken til San Michele-kyrkja ligg i det plastiske steinhoggararbeidet som yrer av utkropne detaljar.
Den komplett marmorkledde soknekyrkja San Michele in Foro blei påbyrja i 1143 og har Luccas prektigaste romanske fasade.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Lucca. Det er noko grasiøst ved klangen av ordet, høvande til den rike silke- og bladgullproduksjonen som sette byen på kartet i høgmellomalderen. Men opphavet til bynamnet er grovare. Her, mellom armane til elva Serchio, hadde det budd folk i tusenvis av år – fyrst ligurar, så etruskarar – før romarane hærtok området og etablerte ein colonia i 180 f.Kr. Kolonien kalla dei Luca, ei latinisering av det gamle ligurisk-etruskiske namnet Luk, som rett og slett tyder «sump».
Sump ser eg lite av når eg stig av morgontoget på Stazione di Lucca. Men over sletta mot gamlebyen ligg den fuktig-kalde disen så lågt og tett over marka at trekronene svever over bakken.
Mura di Lucca
Graset på sletta er veltrimma som ein plen. Men i mange hundre år stod alt dette under vatn – sletta utgjorde den 35 meter breie vollgrava kring Mura di Lucca, festningsanlegget som blei påbyrja i 1544 til forsvar mot det overmektige Firenze. I dag er murane Luccas fremste kjennemerke. Dei fleste byar hadde jo liknande anlegg, men etter at kanonane var blitt så kraftige at slike murar var fånyttes, laut dei vanlegvis vika for byutvidingar. Men ikkje i Lucca. Her reiv ein dei ikkje, men omdefinerte dei tidleg på 1800-talet frå forsvarsanlegg til rekreasjonsanlegg. Bevaringstilstanden er difor perfekt.
6 millionar murstein skal ha gått med til bygginga av det 4,2 kilometer lange og 12 meter høge festningsverket, som er 30 meter breitt ved dei 11 framstikkande, pileforma bastionane. Som avskrekking gjorde det nytta si, for fiendslege kanonkuler prella aldri av på murane. Dessutan synte anlegget seg gagnleg andsynes naturkreftene. For etter at elva Serchio var kanalisert og landet rundt drenert så det ikkje batt flaumvatn, verna vollane Lucca mot atter å bli ein sump under storflaumane.
Libertas
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.