Kunnskap

Salmonella

Avgrensa utbrot av salmonellose hos menneske er ikkje uvanleg i Noreg, og berre det siste året har vi påvist Salmonella frå såpass ulike matvarer som vassmelon, Kinderegg og tysk kjøtdeig.

Internasjonal handel og industrielt dyrehald førte til ein eksplosiv auke i Salmonella blant slaktekylling og verpehøns over heile verda.
Internasjonal handel og industrielt dyrehald førte til ein eksplosiv auke i Salmonella blant slaktekylling og verpehøns over heile verda.
Publisert

Folkehelseinstituttet melde nyleg om eit nasjonalt utbrot av bakterien Salmonella Agona. Og er det noko du ikkje skal ønskje deg til jul, så er det Salmonella. Agona tyder interessant nok «smertefull dødskamp», og salmonellose er ein tarminfeksjon som kan føre til både diaré, magesmerter og feber. Nokre gonger blir plagene langvarige og i dei verste tilfella kan bakterien spreie seg med blodet til fleire organ og gje langvarige og livstrugande lidingar.

Avgrensa utbrot av salmonellose hos menneske er ikkje uvanleg i Noreg, og berre det siste året har vi påvist Salmonella frå såpass ulike matvarer som vassmelon, Kinderegg og tysk kjøtdeig. Kjelda til det siste utbrotet er enno ikkje kjend, men det er nært slektskap mellom dei analyserte isolata, og smitten kjem truleg også denne gongen frå eit parti med importert mat.

Spreidd med handel

Hadde vi arrangert ei kåring av suksessrike sjukdomsbakteriar i nyare tid, ville Salmonella garantert vore ein av finalistane. Det er det mange grunnar til. Salmonellabakteriar finst i eit utal av variantar (det skal vere meir enn 2500). Dei er tarmbakteriar som kan infisere og gje sjukdom hos omtrent alle typar landdyr, samtidig overlever dei lenge i miljøet, men ikkje minst; desse bakteriane har ei eineståande evne til å trengje inn i cellene til verten og på det viset skjule seg for immunforsvaret til verten.

Difor er slike infeksjonar ofte langvarige, og hos både dyr og menneske er det vanleg med friske smitteberarar. Grovt sett kan vi skilje mellom to typar av Salmonella: Dei som trivst best hos spesifikke dyreartar og dei som er litt mindre kresne i val av vert, og som lett vert spreidde mellom ulike dyreslag, eller mellom dyr og menneske (zoonosar). Salmonella er lett å drepe med varmebehandling av maten, men skal du handtere smitta kjøt, er det lett å ureine kjøkenbenk og utstyr og på det viset pode smitten over til salat eller andre rettar som ikkje blir steikte eller kokte.

Handel er den viktigaste grunnen til den verdsomspennande spreiinga av Salmonella dei siste tiåra, nærare bestemt handel med husdyr, husdyrfôr og matvarer. Industrielt husdyrhald speler òg ei viktig rolle. I store fjøs som er fullpakka med dyr, vil introduksjon av smitte føre til rask formeiring av bakteriane, med stor risiko for vidare spreiing mellom dyra i fjøset, og til menneske, andre gardar og miljøet. Dette har vi særleg sett i dei mest intensive husdyrsystema, som fjørfebesetningar og grisefjøs.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement