Samfunn i vidvinkel
Fotografia frå bildebladet Aktuell utgjer ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, skriv Kjartan Fløgstad.
I 1960 var Norsk Hydro-anlegget på Herøya Noregs største industriarbeidsplass, med 6500 tilsette. Biletet er frå ein Aktuell-reportasje same året.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Første gong eg såg namnet mitt på trykk, var i vekebladet Aktuell. Saman med ei rekke like ukjende størrelsar frå Noregs vidstrekte land stod eg oppført i ein einspaltar blant «Vinnere av Frankie Vaughan-plate». Det må ha vore ein gong på ettersommaren 1958, og plata som kom i posten, var ein 45-singel med «Kewpie Doll» på den eine og «So Many Women» på den andre sida. Platespelar hadde vi ikkje, men mine kloke foreldre tenkte at den som har klave, må også ha ku. Nymoderne grammofon blei det, snart var huset fylt av den smektande røysta til Frankie Vaughan, ein engelsk slagersongar som fort blei avdanka då The Beatles og ungdomsopprøret tok over 60-talet.
Noko av det same kan seiast om vekebladet Aktuell.
Planlagt i Oslo, Stockholm og London under krigen blei Aktuell illustrert ukerevy det fremste journalistiske uttrykket for den norske etterkrigstida. Om Ønskekonserten i NRK er lydsporet til femtitalet, er Aktuell bildeserien. Første nummer kom ut fredssommaren 1945, og bladet heldt fram med å dokumentera gjenreising, arbeidsliv og idrettsprestasjonar i tre tiår fram til 1974. Av namnet gjekk det klårt fram at Aktuell var eit reportasjeblad, og at reportasjen skulle vera illustrert. Tanken var også å skapa eit alternativ til den kulørte vekepressa. Sikkert er det at med si breie dekning av nasjonalidrettane ski og skøyter om vinteren og fotball om sommaren fekk bladet særleg trufaste lesarar blant unge menn i alle aldrar.
Bak oppstarten stod aktivistar frå kamptida til Arbeidarpartiet. Frå eksil i London kom Per Bratland og blei første redaktør. Han var sjølv reportasjefotograf og hadde tatt det historiske bildet av konge og kronprins ved bjørka i Molde i aprildagane 1940. På eigarsida gjekk Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (nåverande LO), Arbeidarpartiet og Samvirke inn med like store aksjepostar på 20 prosent, som til saman gav den sosialdemokratiske arbeidarrørsla full kontroll. Disponent Birger Madsen hadde tidlegare gjort Arbeidermagasinet til folkelesnad, i Aktuell gjentok han suksessen med eit korps av frivillige kommisjonærar som viktig del av salsapparatet.
Gullpennen Jostein Nyhamar var med frå starten, blei redaktør frå 1959 og leidde bladet fram til nedlegginga 15 år seinare. Velskrivande bladfykar som Oddvar Stølen og Bjørn Bjørnsen prega spaltene, og om eg ikkje hugsar feil, var den kommande SF-leiaren Gustavsen innom som fullgod sportsjournalist. Gjennom mange år gav epistlane til forfattaren Aksel Sandemose bladet ein standhaftig og høgt verdsett personleg signatur.
Som den fulle tittelen slo fast, var Aktuell først og fremst eit bildeblad, der fire faste fotografar fekk stort spelerom. I all hovudsak var perspektivet nasjonalt, bladet heldt seg innanfor landegrensene og fortalde om store og små hendingar i bygd og by. Både den mannstunge redaksjonen og verdsbildet hadde base i Oslo sentrum. Det var ingen teikn til målstrev i spaltene, der bokmålet var einerådande. Journalistisk tok bladet derimot heile landet i bruk; dei dristige reportasjereisene gjekk heller til utkanten enn til utlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.