Reportasje

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Publisert

«180, 181, 182 – selt for 182.» Det beste lammet gjekk for 182 pund, 2499 kroner. Det er saueauksjon i landsbyen Machynlleth (uttale: mackunthleth) i Nordvest-Wales. Wales, med det grøne kulturlandskapet ut mot Irskesjøen, har nok sauer å ta av. Overalt ser du dei kvite dottane ute på beita.

Det skal handla om sauer. Litt i Wales, men mest i Noreg. Artikkelen burde stått på trykk i bladet Bondevennen eller medlemsbladet Sau og Geit. Men no kjem han i Dag og Tid – avisa òg for spesielt interesserte. Eg har ikkje stor autoritet på området, men heilt blank er eg ikkje. I to månader i 1980-åra stod eg på ei slakteline og drog ut nyrene på nyslakta lam.

Før meg på lina vart dyret avliva, hovudet skore av, skrotten flådd og festa med krok i bakbeina og hengd opp på lina, endetarmen løyst, buken opna og vomma teken ut, hjartet, lunge og lever skoren av før veterinæren sjekka skrotten og innvolane for sjukdom.

Så var det min tur. Eg drog ut nyrene, nyrefeittet og pussa vekk det som måtte vera forureining på det nyslakta lammet. No var skrotten klar for veging og klassifisering. Eg hadde valet mellom nyrejobben og skinnsalting, altså strekkja ut skinnet og salta det for å hindra at det surnar og rotnar. Lukta i skinnrommet gjorde at eg valde nyrene.

Machynlleth ligg ein halvtime nordover med tog frå Aberystwyth (uttale: aberistvith). Det var til Aberystwyth den blyge og litt hjelpelause prins Charles vart send i 1969 for å læra walisisk språk og historie før han formelt skulle kronast som prins av Wales. Det heile er skildra i serien The Crown, rett nok ispedd oppdikta historier for å skapa spaning og konflikt.

Ifan Jones er sauebonde og driv garden saman med kona og foreldra. Garden ligg i åssida over den vesle kystlandsbyen Aberdyfi (uttale: aberdive) med knappe 900 innbyggjarar og utsyn mot havet. Ifan arbeider nokre dagar i veka i kafeen til golfklubben nede i landsbyen. Det var der eg møtte han kvelden før, og etter ei øl inviterte han meg heim for å syna meg garden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement