Reportasje

¿ Sauejag

SOGNDALSDALEN: 256 sauer og lam vart sleppte til fjells i vår, og no skal vi finne dei att, sanke dei saman og føre og jage dei attende til garden.

Rutinerte 60019, fødd i 2016, beitar litt før eg jagar på vidare ned dalen.
Rutinerte 60019, fødd i 2016, beitar litt før eg jagar på vidare ned dalen.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Filmen Ce qui nous lie frå 2017 fekk den norske tittelen Vår vingård i Burgund. Rett omsett frå fransk vert det i staden «det som bind oss». Noko av det sterkaste bindemiddelet er familie og geografi. Kvar vi kjem frå. Om det er ein fransk vingard eller eit vestnorsk sauebruk, så finst det noko som dreg oss mot slektsgarden.

Det er kanskje difor eg står under ein fjellhammar i 1100 meters høgd, med våte fjellsko og sveitt ulltrøye, og speidar etter noko på hi sida av dalen. Eg er med på årets sauejag. Smalasanking, sauesanking – å hente sauer og lam frå sommarbeite har mange namn. Omfang og måten å gjere det på skiftar med landskapet. I somme område med stor tettleik av dyr sankar mange i lag. Andre går åleine med ein veldressert gjetarhund. Flate kystbeite på Jæren har andre løysingar enn bønder med høgfjellsbeite.

Syskenbarnet mitt Jostein driv garden som har gjeve meg etternamnet Flatland. Han er fjerde generasjon etter at oldefar Anders kjøpte garden i 1907. Garden ligg nesten inst ved Dalavatnet i Sogndalsdalen, og fjellbeitet ligg i fjella ovanfor Anestølen.

Dei som har trekt i fjellsko, ull og allvêrsjakke for dette oppdraget, er ein intensivsjukepleiar, ein anestesilege, ein pensjonert ingeniør, ein pensjonert lærar, ein pensjonert bonde og ein konditor. Og så bonden Jostein og kona Tove.

Dei utvalde er naturlegvis ikkje med i kraft av å vere lærar eller sjukepleiar, men fordi menneska bak desse yrka er dei som kjenner sterkast på det som bind. Dei er næraste slekta til bonden: ein bror, ein far, ein svoger, onklar og syskenbarn. Deltakinga i sankinga gjer banda sterkare, også for dei som flytta frå garden for over femti år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement