Dyr

Seglarane som aldri går i land

Tårnseglarar et, drikk, parar seg og søv på vengjene.

Tårnseglaren drikk også helst medan han er på vengjene. Då flyg han tett på vassyta med ope nebb.
Tårnseglaren drikk også helst medan han er på vengjene. Då flyg han tett på vassyta med ope nebb.
Publisert

Uiiiii uiiiiii – dei skarpe ropa teiknar lydliner på sommarhimmelen. Lyfter du hovudet, kan du sjå kven som lagar dei: små, svarte bogar som flyg kvikt over byen.

Tårnseglarane har kome frå vinterleirane sine. Trekket deira har lenge vore omkransa av uvisse. Det er først nyleg at studiar har byrja å avsløre kor bestandar som hekkar i Nord-Europa, dreg når dei kalde månadene rår over den nordlege halvkula.

Eit utbreitt mønster hjå trekkfuglar synest å vera «bukkehoppet». Det går ut på at bestandar som hekkar lengst nord, overvintrar lengst sør. Dermed følgjer dei fluktliner som «hoppar bukk» over trekkrutene til bestandar som held seg i sørlege delar av hekkeområdet – desse slår seg ned i nordlege delar av overvintringsområdet.

Historia er annleis hjå tårnseglaren, som har utvikla eit trekkmønster som liknar meir på ei kjede: Dei som hekkar sør i Europa, overvintrar som regel lenger sør i Afrika enn dei som hekkar i Norden. Faktorane som er med på å forme trekkruter over tid, er mange: tilgang på næring, konkurranse og fysiske skilnader mellom ulike bestandar, genetikk og ikkje minst tradisjon.

I dag verkar det som om tårnseglarar som hekkar i det sørlege Europa, trekkjer til det søraustlege Afrika i desember, medan individ som hekkar i Norden, held seg over tropisk Vest-Afrika, lenger nord og lenger vest. Når dette er sagt, så er tårnseglartrekket også særs dynamisk, for desse fuglane landar så å seie aldri utanfor hekkesesongen.

Dei lever det meste av livet på vengjene. På 2010-talet vart tårnseglarar som hekka i Sverige, utrusta med små sensorar. Desse måler blant anna akselerasjon, noko som skal gjere det mogleg å få vite i kor stor grad ein fugl har vore i stillstand. Dette krev at han vert fanga att i seinare år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement