Sport
«Seinast tidlegare denne månaden var eg vitne til ein do med eit stort hòl i døra.»
Klubbhusa i breiddefotballen høyrer ofte fortida til.
Foto: Vegard Grøtt / NTB
– Ja, ver så god, her kan de skifte.
Lukta av tigerbalsam slår mot deg. Furuveggane i garderoben ser ut som dei kan ramle saman før lagoppstillinga er lesen opp. Velkomen til 1970-talet, eller i beste fall 1990-talet.
Og så var det toaletta. Dessverre blir tigerbalsamlukt til urineim, og lyset funkar ikkje – akkurat det er litt flaks, for då slepp du å sjå korleis det eigentleg ser ut der inne. Doen renn konstant, å trekke ned kan du gløyme.
Nøkkelen har nok ein sint motstandar kasta åt skogen, og mens du sit der inne, må du difor halde i handtaket for å få vere i fred.
Dei med erfaring i breiddefotballen veit at slike klubbhus finst. Ikkje så ofte no som før, men seinast tidlegare denne månaden var eg vitne til ein do med eit stort hòl i døra – ein kunne berre dekke det til med ei jakke.
Endå større ulykke er det å køyre lenger enn langt ein måndagskveld og komme fram til ein stad der garderobane ikkje finst, eller finne ut at Roar, som har nøklane, er gått heim.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.