Reportasje

Sekstiåttarkryptonitten

SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative. Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.

Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Publisert Sist oppdatert

I lufthamna i Austin i Texas står store gitarar som ei markering av musikk som merkevare for byen, men han er no kjend som antiwoke-hovudstaden òg. Det nye universitetet i Austin er noko så sjeldan som sjølverklært konservativt. I september fekk dei nyimmatikulerte høyra: «Her vender me attende til røtene i vestleg tenkjemåte og tradisjon.»

Under pandemien flytta mange hit frå California, av di nedstengingstiltaka i Texas var mindre strenge. Ikkje berre guruar i næringsliv og sosiale medium kom frå vestkysten, men drosjesjåførar òg, av di drivstoffprisane og klimamedvitet her berre er det halve.

Den siste sekstiåttaren

Var det sekstiåttarane som generasjon som abdiserte då Joe Biden trekte seg i sumar? Og var det difor det sat så langt inne? Som Lyndon B. Johnson i valåret 1968 kunne han ha vore ryddig og trekt seg i mars, men drygde heilt til bjøllesauen New York Times på leiarplass kravde eit byte. Brått var det ikkje lenger konspiratorisk å ytra ynsket.

Førebels eller for godt er president Biden den siste i ein mannsalder av amerikanske sekstiåttarpresidentar. I meir enn tretti år har dei alle, sett bort frå Obama, vore fødde i boomer-åra: Bill Clinton (fødd 1946), George W. Bush (fødd 1946), Donald Trump (fødd 1946) og Joe Biden (fødd 1942). Kamala Harris (fødd 1964) er berre i 50-åra, i ti dagar til.

Er sekstiåttarepoken over? Ikkje om Trump vinn valet. Rett nok er han ikkje sekstiåttar slik me nytta nemninga på norsk, men ikkje alle som vart unge i 1960-åra, vart kulturradikale. I lagnadsåret 1968 vart han 22 år gamal tilsett i eigedomsselskapet til far sin. Dei konservative sekstiåttarane er nok ikkje færre enn dei radikale, men som ein del av den ålmenne polariseringa skil dei seg no meir ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement