Historie
Sirenesongen til yttergrensene
James Cook vart lokka ut på livsfarlege ferder til verdsens ende; målet til Cook var å fara «farther than any other man has been before me».
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Duskregn, sein ettermiddag, London, midt i sentrum: Big Ben, parlamentet, T-banestasjonen Westminster. Der tek eg District Line i austleg lei, meir eller mindre langsetter Themsen. Eg skal til stasjonen Mile End. Eg kjem opp i dagen; gryande kveldsmørker og elektrisk lys. Eg går vestetter Mile End Road. Framom The New Globe Hotel, over ei bru over stilleståande kanalvatn, eg passerer eit tidlegare walisisk kalvinistisk metodistisk (sic!) kapell, eg kryssar Globe Street, eg kjem framom ei drikkefontene med religiøs tekst frå Bergpreika («Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud»), eg går framom kafear, spelesjapper, reisebyrå, pubar, teater, kyrkjer, restaurantar, kinoen Genesis, før eg til sist kjem dit eg heile tida skulle: 92 Mile End Road.
Huset som stod her, er rive. Adressa viser til ein vegg av murstein. På denne veggen står det ei offisiell minneplate frå 1970. Eg les at «On this site stood a house occupied for some years by CAPTAIN JAMES COOK, R.N., F.R.S.» etterfylgd av livslengda hans, 1728–1779, og dei forklårande orda «Circumnavigator and Explorer». Avstyttingane etter etternamnet hans tyder Royal Navy og Fellow of the Royal Society.
Korfor fara hit? Jo, av di James Cook alltid har fascinert meg, ikkje minst i guteåra. Då var det å samla på frimerke i vinden, og eg var ein hund etter frimerke som sveiv om og skildra Cook og ferdene hans. Den gongen, for lenge sidan no, laut eg skumlesa katalogane til Stanley Gibbons i London – «the home of stamp collecting» – der kunne eg finna det eg var på jakt etter. Somme Cook-frimerke kjøpte eg derifrå. Andre fekk eg tak i når eg sende barnlege bønebrev (med internasjonale svarkupongar) til postkontor i heile verda. Særleg i Stillehavet, som Cook saumfór på tre namngjetne og årelange ferder det siste tiåret han levde. Smått om senn hyste samlinga mi frimerke frå Cook Islands, Gilbert Islands, New Zealand, Niue, Norfolk Island, Tonga, Tuvalu og andre fjerne himmelstrok.
Engelskmannen Cook hadde skotsk far og lærte seg sjømannsyrket i Nordsjøen, på skuter som frakta kol nedetter den britiske austkysten. Desse fraktskipa var flytande arbeidshestar: heller små, men romlege og med flat kjøl. Nett slike båtar var det han kommanderte på jordomsiglingane sine. Før det hadde han takka nei til å verta kaptein på ein kolfraktar og i staden mønstra på i marinen, der han vart matros. Han steig ikkje berre snøgt i gradene. På tokt til Canada, medan sjuårskrigen mot franskmennene rasa (1756–1763), merkte han seg òg ut med landmåling og kartteikning. Kartet hans over Newfoundland vart ein noggrann klassikar. Det var i bruk i fleire hundre år og visseleg ein av grunnane til at Cook frå 1768 og frametter leidde den britiske kartlegginga av sjøkantar og innland, i Stillehavet særskilt.
Ein nordmann har lett for å festa seg ved den andre langferda til James Cook, frå april 1772 via 100.000 kilometer til juli 1775. Siktemålet til Cook var Sørpolen, eller rettare: Meininga med ekspedisjonen var å sigla så langt sør som råd av di han ville sjå om det faktisk finst eit sørleg kontinent på kloten – å granska om det hypotetiske Terra Australis Incognita er røynleg. Undervegs førte Cook loggbok. Redigert tekst og utvalde bilete (kart, teikningar) vart samla i utgjevinga A Voyage Towards the South Pole and Round the World i 1777.
Eg les at dei kom til Kappbyen i slutten av oktober 1772. Skipet til Cook heitte HMS «Resolution». Fylgjeskipet – med Tobias Furneaux som leiar – hadde det talande namnet HMS «Adventure». Dei kom ikkje i land med ein gong for skuld vindtilhøva, ankra opp, og så: Med eitt, om kvelden, vart «the whole sea» så langt dei kunne sjå, lyst opp som om det stod i brann. Om bord var svensken dokter Daniel Solander, ein av læregutane til Carl von Linné. Han meinte alt lyset kom av sjøinsekt. Dei henta opp sjøvatn i bytter og, ja, det var stappfullt av tallause gjennomsynlege insekt så store som knappenålsaugo – livlause lyskjelder å sjå til. Skipa var elles lasta med allslags folk (drygt to hundre mann) og kompetanse: dekksmenn og båtsmenn, snikkarar og seglmakarar, kanonmannskap og marinesoldatar (irekna ein trommeslagar), kokkar og kirurgar og to røynde grønlandsfararar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.