Siste reis for Harry og Ruth
OSLO: I morgon er det 80 år sidan MS «Gotenland» forlét Oslo hamn. På madrassar i lasteromma låg 158 menneske, for det meste kvinner og born, alle jødar. Få minne er att.
Frå utfyllingsboka «Dine barneår», Jødisk Museum i Oslo.
Måndag 13. april 1970 var verdas merksemd retta mot himmelen – «Houston, we’ve had a problem.» Etter ein eksplosjon om bord avlyste «Apollo 13» månelandinga og vende snuten mot Stillehavet – der eit ein gong norskeigd lasteskip var på si siste reis, heilt upåakta og ein god del lenger nord. Då fredagen kom og romfartøyet tok havoverflata, var MS «Esperanza» under opphogging i Kina.
Det 30 år gamle lasteskipet var alt ein holk, utdatert av oljealderen, men trass den korte levetida hadde det hatt mange namn: MS «Goslar», MS «Gotenland», MS «Hopeville», MS «Oinoussian Hope» og MS «Esperanza». Ei mørk soge vart til skrap i Shanghai.
November 1942
Det norske reiarlaget Klaveness & Co kontraherte skipet vinteren 1939–40 frå eit verft i København, Burmeister & Wein Maskin- og Skibsbyggeri. Klaveness hadde elles to lasteskip under bygging hjå Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord, der reiarlaget i si tid vart skipa. No låg kontora på Lysaker ved Oslo. Sidan 1799 hadde Klaveness manøvrert greitt gjennom napoleonskrig og fyrste verdskrig. No venta andre verdskrig.
Då tyskarane tok Danmark og Noreg våren 1940, tok dei det norske skipet på det danske verftet òg. MS «Goslar» erstatta då det planlagde namnet MS «Hopeville» –?Klaveness pla døypa skipa sine med endinga ville (for «stad»).
Nok eit nytt namn – MS «Gotenland» – fekk skipet då det gjekk av stabelen i København og vart kverrsett av den tyske Kriegsmarine. Dei trong fleire fartøy til troppe- og fangetransport mellom Skandinavia og Tyskland. Same månad som MS «Gotenland» endeleg stod ferdig, i november 1942, hadde to av skipa i denne trafikken, DS «Donau» og MS «Monte Rosa», vore lasta med norske jødar. Dei vart frakta sørover kort tid etter at dei vart arresterte – meir enn eit halvt tusen menneske, eit fleirtal av dei vaksne menn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.