Teknologi
Sjå til Noreg!
«Made in Norway». Den 1700 meter lange og vakre hengjebrua over Langenuen kan verta bygd av lokale krefter med norsk aluminium produsert med norsk vasskraft. Ho vil vera særs miljøvennleg og nærast fri for vedlikehald.
Illustrasjon: Norconsult
I 2003 stod ei rekkje ingeniørar i allvêrsjakker ved Sognefjorden og tok Noregs dyraste avgjerd. Fjorden var mogleg å kryssa. Resten tek det teknologiske imperativ seg av. Det som kan gjerast, vert gjort. Me har alt vore på månen, og vi har laga atombombe.
Ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim er i ein slik samanheng eit mykje meir vettig prosjekt. Fredeleg og til gagns for Noreg i generasjonar framover. Kostnadene treng me ikkje snakka om, for alle budsjett vert jo sprengde i samferdsleprosjekt, same kor store summar ein gissar på.
Dei driftige og dyktige rogalendingane er alt godt i gang. Med prosjektet Rogfast fjernar ein behovet for ferje mellom Mortavika og Arsvågen. Reisetida mellom Stavanger og Bergen vert 40 minuttar kortare, og heile det sørlege Vestlandet blir knytt saman med gilde vegar til glede for innbyggjarane og det veksande næringslivet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.