Sjakk

I den sjuande timen

Carlsen er i delt leiing i Karlsruhe etter fyrst å spela som ein gud – og så som eit menneske.

Publisert Sist oppdatert

«Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.» (Johannes’ openberring 8). Ein av mange gjennom historia som har freista skjøna kva dette tyder, var Ingmar Bergman i filmen Det sjunde inseglet (1957). Bergman nytta sjakkmetaforar for å koma nærare den største kampen av alle: kampen mellom liv og daude. Hovudpersonen, spela av Max von Sydow, er ein riddar i mellomalderen som kjempar for livet mot sjølve Dauden. Kvit mot svart. Det gode mot det vonde. Sjakken eller dauden.

Magnus Carlsen er ikkje heilt der oppe, jamvel om eksverdsmeister Vladimir Kramnik for nokre år sidan sa at han sjølv var den beste spelaren på jorda. «Men kva med Carlsen, då?» spurde journalistane. «Eg er best blant menneska», sa russaren.

Ein kan seia det meir jordnært, som den rumensk-fødde sjakkhistorikaren Olimpiu Urcan: «Det er mange stormeistrar i sjakken, men berre éin atlet.» Vi skal til den sjuande speletimen.

Historisk dialektikk

Det var likevel ikkje verdsmeisteren på 28 år som vekte mest oppsikt ved «innveginga» før fyrste runde, men motstandaren på berre 14 år. Den pengesterke tyske intelligentsiaen har endeleg fått fram eit stortalent. For sjakken er det gull verdt om Vincent Keymer, son av to musikarar, kan kjempa seg fram i verdseliten. Han er ekstremt god, men det er òg eit dusin indarar på same alder.

Carlsen har aldri møtt ein så ung og lågt rata motstandar i desse superturneringane. Med svart tok verdsmeisteren ein stor strategisk risiko i opninga då han gav frå seg lauparen på g7 mot ein hest for å øydeleggja bondestrukturen til den unge tyskaren. Den sovjetisk-armenske verdsmeisteren Tigran Petrosjan vart genierklært då han spela slik på 1960-talet, men dagens elitespelarar veit kor farleg det er å gje frå seg lauparen på g7. Den sovjetisk-ukrainske stormeisteren Edvard Gufeld sa at lauparen på g7 hadde livnært familien hans i fleire tiår, og gav han aldri frå seg. I dag har pendelen svinga frå Petrosjan til Gufeld, men Carlsen satsa høgt på at ungguten ikkje skjøna den historiske dialektikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement