Sjølvmord i teori og praksis
Mange er dei glupe hovuda som har tenkt kring sjølvmordet som eit filosofisk problem. Den jamne sjølvmordaren har truleg ei meir praktisk tilnærming til saka.
Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del to av seks. Heile serien finn du her.
Eg har brukt å tenkje på far min som ein intelligent mann. Tankar om å avslutte det heile kan han nok ha hatt lenge før han døydde, fordi det meste av livet hans var prega av langvarige konfliktar og store påkjenningar. Men det var særleg dei fem, seks siste åra at denne ideen rykte svært nær og vart noko han både snakka om og utforska gjennom meir eller mindre medvitne handlingar.
Kor intelligent – eller rasjonelt, etisk, logisk – det er å ta livet sitt, har det opp gjennom soga funnest ulike meiningar om.
Å øydeleggje verda
Ut frå fars eigne førestillingar var han opplagt på bærtur. Han var ein overtydd kristen, og i kristendommen, som i dei fleste religionar, har det gjengse standpunktet vore at sjølvmord og sjølvmordsforsøk er moralsk forkasteleg. Allereie Augustin konstaterte dette, med referanse til det femte bodet. Det står jo berre: «Du skal ikkje slå i hel.»
Sidan det ikkje er spesifisert at dette gjeld nesten din, må det òg gjelde deg sjølv. Seinare kom reglar som at ein sjølvmordar ikkje kunne få ei kristen gravferd, og somme stader har mynda kunna konfiskere eigedelane til både sjølvmordaren og familien hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.